5. apr. 2013
☺
"I dag kan du sitte på rompa og gjøre så lite du vil. For nå er det du som skal feires, med kake og sang og spill..." (henta frå sjølvaste Kaptein Sabeltann). Å bli eit år eldre, er eigentleg ikkje så ille. Å få litt ekstra oppmerksemd ein dag i året, er ikkje så aller verst. Det er jo ikkje så stas som det var då eg var yngre, for då var det jo kake og lys på senga, bursdagssang, bursdagsfest, telefonhelsingar og så klart ein god del gåver. No tar det ikkje så mykje av, men det å få nokre bursdagshelsingar på mobilen og på Facebook, få litt ekstra oppmerksemd frå han fine og få nokre gåver av mine næraste – så klart er det litt ekstra kjekt å ha ein slik dag kvart år! Mamma og pappa var innom her frå onsdag til i går (dei skulle austover og tok då ein rast her i Kr.sand), og då blei det ei lita feiring med litt kake og gåve. Av dei så fekk eg ein kjempefin, heimestrikka blå kardigan (den er ikkje heilt ferdig enno, så eg får heller leggje ut bilete seinare) og ei lommebok. Oppi lommeboka låg der eit gavekort på digitalbok.no, så no må eg berre finne ut kva bok eg verkeleg vil lese. Elles så har det vore ein fin dag med gåve ved frukostbordet, nydelege roser, gått ein liten tur i finvêret, god middag og litt Wii-speling. Har nemleg kjøpt oss Wii; brukt, men i veldig god stand. På biletet ser de nokre av dei tinga eg fekk i dag, deriblant ein reiseguide til New York. Så gjeld det berre å komme oss dit ein gong i framtida. No blir det ein episode av Heartbeat. Fekk nemleg andre sesong på DVD i dag, må berre sjå ferdig fyrste sesong fyrst, den som eg fekk for akkurat eitt år sidan ;) Og så takkar eg for alle fine bursdagshelsingar – dykk er så fine!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke