Kvardagen er i full gong igjen, men det gjer eigentleg ingenting. For det er på ein måte godt å komme tilbake til jobb og rutinar igjen. Dagane på jobb har vore kjekke med mykje variert å gjere, eg var i ein 30-årsdag i går, gått ein herleg sundagstur i dag og elles har eg fått lese litt innimellom. Har også komme eit lite stykke vidare når det gjeld å plukke ut bilete frå Canada-turen som sidan skal bli til ei fotobok. På fredag var eg aleine heime på kvelden sidan han var ute på middag med jobben, og då berre slappa eg av, såg litt på Friends og Downton Abbey. Ei frihelg utan dei heilt store planane, og det er slikt me kan like, særskilt når det blir jobb dei to neste laurdagane. No er det snart sengetid og ei ny veke, så denne vekas oppsummering kan de lese rett under:
✦ sjeldan det skjer, men både mannen min og eg las debutromanen til Hellum (og likte den)
✦ små geiter som besøker andre dyr
✦ sitje ute på balkongen med bok og lyslykt ein kveld tidleg denne veka
✦ for nokre flotte og magiske Harry Potter-illustrasjonar
✦ vakker gatekunst på ein knallraud vegg midt i byen vår
✦ når Emily legg ut slike bilete, ønskjer eg å dra til Disneyland Paris med det same
✦ Mummi-koppane som etter kvart skal bli med oss ut på tur og så klart Mummi-magneten
✦ kanskje ikkje for alle, men likte den svarte komedien Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
✦ kult fotografitips berre med eit vanleg kamera og ein mobiltelefon
✦ var ikkje vanskeleg å sjå at eg var på rett plass då eg skulle i selskap i går, for sjekk ut flamingoen
✦ sundagsmiddag heime på sola med mamma, pappa, broren min og Zalo
✦ piggsvin er innmari søte dyr
✦ kort, men god sundagstur opp til Ullandhaug i akkurat passe seinsommarvêr
✦ ete ei skive med heimelaga syltetøy på heimelaga brød ute på balkongen etter jobb
✦ søte og herlege illustrasjonar av Cecilie Sørgård, blant anna denne koalaen
✦ så kult pynta inne i lokalet der bursdagsfeiringa i går gjekk føre seg
19. aug. 2018
17. aug. 2018
Heimelaga rett før helga
Ingenting slår heimelaga syltetøy på ei skive med heimebakt brød. Hos svigers var me nemleg ute ein liten tur for å plukke rips og bringebær, og etterpå blei det til syltetøy. I tillegg er den fine krukka arvegods frå svigermor. Små gleder i kvardagen. Sola skin, fredag er her, det er helg.
Merkelapp
loppis og gjenbruk,
mat og drikke
16. aug. 2018
Verahornet
Starte ein tur i skogen. Høyre det rasle, susinga frå tretoppane. Sola som finn vegen ned til skogbotnen, som lys opp som et gyllent teppe. Så vidare opp på ein bratt og smal sti. Kjenne sola varme og svetten sile sjølv om det ikkje er den lengste turen. Me fekk gått ein fjelltur då me var på Sunnmøre førre veke. Vêret var ikkje heilt med oss, bortsett frå tysdag. Turen gjekk til Verahornet, 518 moh. Med oss på tur var også eldstebroren til mannen min, og det blei ein akkurat passe tur. For eg er ikkje den aller beste på toppturar, og då er det meir motiverande med ein kortare tur.
Likevel. Å gå opp, opp, opp er jo verdt det når ein får sjå ei slik utsikt. Det er noko eige ved dei høge, spisse fjella. Akkurat som Slettafossen og Trollveggen: det er så vilt og samstundes så vakkert. Stod der ei stund og berre naut synet. Eit lite hopp blei det også, eit hopp og eit stort smil. Før me gjekk ned igjen, såg me sola gjennom regnskyene. Eit stort og kvitt lys, eit lite stykke magi.

15. aug. 2018
Over fjellet frå aust til vest
Dei fyrste dagane på jobb etter ferien har verkeleg gått i eitt og plutseleg er onsdag snart over. Mange bøker å rydde på plass (no byrjar folk å komme heim frå feriane sine og då er det mange bøker som blir leverte tilbake til oss), fleire nye bøker å registrere og generelt er det mange kundar innom som treng hjelp til å finne bøker eller til å kopiere eit dokument. Etter å ha vore ein tur på Hadeland Glassverk, var det på tide å køyre vidare. Vegen tok oss over fjellet til Sunnmøre via Dovre og Dombås. Høge fjell og bobil = typisk norsk biltur om sommaren, ingen tvil om det. Stoppa ved Slettafossen, fossen som ligg i Rauma kommune i Møre og Romsdal, rett ved fylkesgrensa. Så fint med den isblå fargen i vatnet! Prøvde også å ta bilete med lang lukkartid. Blei greitt nok, men hadde nok blitt hakket meir optimalt med kamerastativ. Er alltid noko nytt å lære ;)
Noko anna som også er typisk norsk når ein køyrer rundt på vegar her i landet, er smale vegar med ei bru som denne og gamle kyrkjer. Hugsar ikkje heilt kor me såg desse, men det er i Møre og Romsdal sidan bileta blei tatt etter Slettafossen. Gløymer av og til kor mykje fint det er å sjå langs norske vegar, så variert og flott, og me har allereie byrja å prate om neste bilferie i Noreg.
Såg etter kvart fleire og fleire spisse fjell. Eit raudt og kvitt hus, så små og i stor kontrast til dei høge fjella. Ikkje berre på storleiken, men også på fargane. Vilt og vakkert. Før me var heilt framme hos svigers, måtte me ta eit siste stopp; me skulle nemleg passere Trollveggen. Trollveggen er Europas høgaste loddrette stup (1000 meter). Den er så svær, så høg, så bratt. Fascinerande syn! Etter å ha beundra veggen ei lita stund, køyrde me siste stykket, og me var framme på Sjøholt rett rundt ni.

reise
14. aug. 2018
Emaljekoppar til turar og ein vakker magnet
Når me snakkar om Mummi: fann dei perfekte turkoppane av emalje, så klart på Hadeland Glassverk. Dei hadde fleire forskjellige storleikar, og me valde to som er middels store. Snorkfrøken i fokus på den eine koppen og Lille My på den andre. Gleder meg til å ha med desse på tur, kose oss med kaffi eller kakao på ein benk i ein skog (desse emaljekoppane er det finske Muurla som har laga medan dei vanlege koppane er laga av Arabia). Og klarte ikkje å la vere å ta med meg denne magneten med det finaste motivet på. Luftballong, høge fjell og flotte fargar. Illustrasjonen er henta frå Tove Janssons bok Den farlige reisen. No heng den på kjøleskapet der me kan sjå den kvar dag.
Merkelapp
tur
13. aug. 2018
Mummidalen på Hadeland Glassverk
Mummidalen, Mummitrollet og alle vennane hans. Eg har fyrst og fremst sett karakterane og dalen på TV då eg var lita, og har vel ikkje eigentleg eit stort forhold til Tove Janssons bøker. Likevel er det jo noko med Mummitrollet og eg kan framleis hugse kor skummel Hattifnattane og Hufsa var (og er). Trollvinter, Sommerboken og Pappaen og havet er alle bøker som står på "skal-lese-lista" og endå meir no etter å ha vore på Hadeland Glassverk. Måndag for akkurat ei veke sidan køyrde me frå aust over fjellet til nordvest, og då stakk me innom glasverket. Der har dei akkurat no ei interaktiv utsilling kalla "En reise i Mummidalen". Kjempefin utstilling der ein guide tar deg med frå rom til rom med lyd og bilete og ein får vite meir om Mummitrollet og om Tove Jansson. Interessant og veldig bra lagt opp. Er ikkje lov til å ta bilete inne på utstillinga, men det blei no eit par utanfor og også i Mummibutikken (joda, kommersielt er det når ein får alt frå slikepottar til små leikefigurar, men dei klassiske Mummikoppane i keramikk eller emalje er no fine uansett).
Altså, dei glaslampene i taket, så vakre alle saman! Kunne godt hatt ei slik samling hengjande i taket her heime. Kanskje ikkje fullt så mange, men eit par-tre stykk hadde vel gått an. I samband med Mummi-utstillinga, er den eine kaféen no blitt ein liten Mummi-kafé. Måtte jo innom for å ta ein kopp med kaffi kvar og ein vaffel ved sidan av. Kult, flott og genialt med slike fine biehotell. Og det blei eit lite bilete inne på toalettet, for på veggen blei eg møtt av denne lille, søte fyren.
Området på Hadeland Glassverk er ganske stort med fleire utsal, kafé, bakeri og galleri (der utstillinga er no). Flotte bygg, kanskje ikkje det i mur, men dei andre kvite og raude, som på eit gardstun. Apropos gard: dei har også nokre dyr som ein kan klappe, til dømes sauer og hestar. Nokon ville ri på hestane, og det fekk dei lov til. Veit eg har vore på glasverket ein gong tidlegare, men eg kjem gjerne tilbake endå ein gong viss me plutseleg køyrer forbi. Kanskje må eg då lage meg eit eiga glas som eg kan ta med heim? For det kan ein visst gjere der, som ein ekte glasblåsar.

12. aug. 2018
Austlandet og Vestlandet – ei veke på bilferie
Veka starta på Langhus og enda opp i Stavanger no nettopp. Me har fått oppleve litt av kvart samstundes som me har fått slappe av og tatt det ganske med ro. Feriemodus, eit roleg tempo. Flott natur her på Sunnmøre, ingen tvil om det. Kjekt å stoppe innom Hadeland Glassverk for å få med oss den interaktive utstilling "En reise i Mummidalen", tid til lesing og ro til å senke skuldrene. Som alltid blei det også ein tur ut til Devoldfabrikken i Langevåg og eit stopp på bruktbutikken Kyrkjetorget. I helga har me vore i Flåm, og på vegen heim i dag, tok me Ryfylkevegen om Suldal og Hjelmeland, ein av dei nasjonale turistvegane. Lengre tur, men så mykje flott natur å sjå. Jobb i morgon, og etter ein lang dag med mykje køyring, blir det nok snart senga. Litt etter litt vil det nok også komme nokre bilete her frå vår lille Noregsferie, men akkurat no er det sundagslista:
✦ køyre over fjellet frå aust til vest og sjå dei høge fjella i Møre og Romsdal
✦ ta gondolen Loen skylift på veg til Flåm i går – for ei heftig oppleving
✦ og også veldig kult å ta Flåmsbana i dag tidleg før me byrja å køyre heim
✦ fem søte små kattungar som kjem til deira nye fosterheim
✦ Mummi og anna fint på Hadeland Glassverk
✦ at han Jeremias gjerne ville bli klappa, for det er ikkje alltid at me er bestisar
✦ du veit du er på landet når du må ut for å jage sauar
✦ Monica og Chandler, altså
✦ frukost med utsikt
✦ for nokre nydelege glaslamper på glassverket
✦ lese bok med ein kopp kaffi og noko smått attåt, det er jo trass alt ferie ;)
✦ all den flotte naturen langs norske vegar
✦ Julianne kjem med gode tips til korleis å komme i gong med å leve med færre ting
✦ alt det spennande på bruktbutikken på Kyrkjetorget og på antikkbutikken Trankokeriet
✦ lunsj på Tante Bruun, vår stamkafé i Ålesund
✦ topptur til Verahornet i akkurat passe sommartemperatur, og for ei utsikt!

sundagsliste
Abonner på:
Innlegg (Atom)