10. apr. 2022

Filmnostalgi og rart vårvêr




Forkjølinga sit i enno, og eg er no rimeleg lei av tett nase og heile den pakka. Tidlege morgonar er heller ikkje det aller kjekkaste. Likevel, med bursdag og påskeferie har det vore ei fin veke. Vêret desse dagane har eg ikkje skjønt meg på; snø og sludd den eine augneblinken, sol og nesten sommar den neste. Snø i april er ikkje det er ønskjer meg, april er snøklokker og grønt gras, gule påskeliljer og lilla krokusar, april er vår. Men slik er det no her til lands av og til. Og for all del, det har vore fleire andre kjekke ting enn "berre" bursdagsfeiring og no påskeferie, berre sjå her:
 
✦ gjensyn med Kamilla og tyven, både boka og filmane, rett og slett ordentleg nostalgi 
✦ og eit lite fun fact: det var film nr. to mannen min og eg såg den desemberkvelden me blei i lag ♥︎
✦ få ein kjempeflott blomebukett, konfekt og ei rørande bursdagshelsing på døra av ei god veninne  
✦ lese reisereportasje frå Hebridande, Orknøyene og Shetland i avisa Dag og Tid
✦ hi, hi, eg fortset å dele desse videosnuttane av den skjønnaste, litte kattepusen
✦ takksam for alle helsingane eg fekk på bursdagen min
✦ Der krepsene synger var ei av dei beste bøkene eg las i 2019, gleder meg til å sjå filmen
✦ Wordsworth sin kolleksjon med klassikarar (bøker, altså) som alle har eit nydeleg omslag 
✦ hekta på å lese Herriot-bøkene – TV-serien All Creatures Great and Small er basert på bøkene
✦ kjekt med ny vlog frå finaste Jonna 
✦ byrje å sjå ein av påskekrimmane som ligg ute på NRK Nett-TV
✦ lage ein strikkeprøve med mjukt garn i herlege fargar 
✦ eit lite akvarium av resin i 3D, dette er ordentleg fascinerande å sjå på, særskilt resultatet
✦ heimelaga pasta carbonara som mannen min laga den dagen eg hadde bursdag
✦ god kaffi i ein fin (vinter)kopp, gode kaker og hygge heime hos eit venepar tysdagskveld
✦ Ida har samla ein heil haug med fine, kvardagslege og andre gode ting i eit og same innlegg
✦ besøke tre nusselege kaninar på sjølvaste bursdagen min
✦ kaffe latte på Kanelsnurren og mykje prat med ei god veninne rett etter jobben på fredag
✦ pusen Eskil som nyleg blei to år, berre sveip og sjå kor søt han var som liten :)
✦ REKO-ringen torsdagskveld og i same slengen ein liten tur innom IKEA 
✦ Elton John-medley av cellisten Hauser
✦ tjuvstarte påskekrimmen med å lese ut Agentene, bok nr. 4 i spionthrillerserien om Slough House

8. apr. 2022

Spasertur rundt eit lite vatn



Slutten av arbeidsveka. I morgon er det laurdag og jaggu meg påskeferie. Blir lang påskeferie for min del også i år, og eg har lesehaugen klar. Vakna til vinterkvitt landskap i går, noko som i mine auge var ein ordentleg nedtur. Me skriv jo april og vår no, ikkje januar og vinter. Det smelta no i løpet av dagen, og i dag har det vore sol og blå himmel (med eit hint av sur vind...). Laurdag førre veke gjekk broremann og eg ein liten spasertur rundt Vannassen i vårsola. Er ikkje så grønt på trea enno, men den blå himmelen spegla seg i vatnet, gule blomar stod langs grøftekanten og fuglane hadde vakna. Praten gjekk og me traska i eit akkurat passe tempo. Laurdagsturtempo, det kan me like.

6. apr. 2022

Regnbogedryss

Bittelitt snø i lufta her hos oss i dag. Ser ikkje ut til at det blir liggande, heldigvis, men ein kan aldri vite. For å setje fargar på denne dagen, tar eg difor fram eit par bilete av desse fargerike blomane som eg såg ute på Wiig Gartneri. Klare og sterke fargar overalt, blomar i fleire forskjellige fargar, små fiolar og andre litt større blomar, meter på meter. Som å dykke inn i regnbogens kjerne.

5. apr. 2022

Bursdagskake(r) 🎂🎈

Karamellkake på ein Mummi-tallerken i dag, eit stykke av ein mektig mokkakake på sundag. Sånn går det når ein har bursdag! Feira pappas bursdag på etterskot og min på forskot i lag med familien på sundag, og mamma hadde laga kake. Seier berre "nam"! Sjølv stod eg på kjøkkenet og laga karamellkaka i går slik at eg kunne ha med på jobb i dag. Stor stas! Og tallerkenen med Mummi-motiv fekk eg av mannen min i dag. Illustrasjonen er frå Tove Janssons bok Pappaen og havet, og det er Jansson sjølv som har teikna den. Fin! Til middag laga min betre halvdel heimelaga pasta carbonara, og utpå kvelden besøkte me eit venepar som nyleg har fått kaninar. Så skjønne (og ja, eg tok nokre bilete som garantert kjem litt seinare). Tusen takk for alle flotte bursdagshelsingar, plutseleg ikkje så ille å stå opp halv fem om morgonen. Og med det er nok ein bursdag over.

4. apr. 2022

Lucky Bowl


Pappa hadde bursdag i mars, og frå oss her i Stavanger fekk han eit gåvekort på bowling. I går kom me oss alle fem bort til Lucky Bowl på Åsen, så å seie i nabolaget vårt, og me hadde ein bane i to timar. For nokon var det lenge sidan sist, forskjellig stil hadde me nok alle fem, men me koste oss alle saman. Lo og prata, og innimellom fekk ein av oss strike. Ein ordentleg artig sundagsaktivitet!

3. apr. 2022

Teit start på ei veke som tok seg opp







Keisamt å starte veka med halsvondt og heimemåndag, men det er no slik det er. Var på jobb dei andre dagane før turnusfri. Fem tidlege morgonar no og så lang påskeferie. Gleder meg allereie til "Påskelabyrinten". Bøkene (ja, i fleirtal) har ikkje vore langt unna, og eg har verkeleg kost meg med kvar einaste lille lesestund desse dagane. Å vere med eit venepar heile torsdagsettermiddag var kjempegøy og koseleg, og gøy var det også i dag då me spelte bowling i lag med mamma, pappa og broren min. Hi, hi, for nokon var det lenge sidan sist, men eg trur me alle hadde det veldig moro lell! Skal prøve å ikkje bli altfor seine til sengs i kveld. Vekas kjekke ting punkt for punkt: 

✦ sundagsmiddag, kaffi og bursdagskake heime på Sola no i kveld
✦ liker bøkene Kristin Harmel skriv, og Livet som var ment for deg var både fin og rørande  
✦ ikkje alt på ein gong så klart, men mykje godt til kaffien frå Fredagsbutikken
✦ sola som laga skuggespel på blokka vår fleire av dagane
✦ søtaste lille pusen, veit eg skriv det i kvar sundagsliste, men det er sant!
✦ gå ein liten tur rundt Vannassen i lag med broremann i går – sola var heilt magisk :)
✦ Nicolay Ramm som parodierar OL-utøvarar – litt gammal video, men veldig moro lell
✦ stor stas at Dennis si bok Spiselig hage gjer det godt i bokbutikkane
✦ bokserien om "dei sløve hestane" i Slough House er nå blitt TV-serie med Gary Oldman i spissen 
✦ fargerike blomar på Wiig Gartneri
✦ Rachmaninovs pianokonsert nr. 2 i ein kjempefin celloversjon
✦ bokmerket som matcha genseren som matcha teppet då eg sat og las i går
✦ heimemåndag sidan eg ikkje var i form; hjalp med garnpakke frå Pickles og strikking generelt
✦ gamle, stilige kjøkkenkrukker som me såg i den bruktbutikken
✦ vinterlyset i Oslo, fanga så fint av Hanne
✦ soloppgang over svømmehallen
✦ veldig nøgd med dei tre bruktfunna som eg fann no nyleg
✦ å bowle i lag med familien i dag, morosam sundagsaktivitet
✦ ein gigantisk ranunkel og ein nydeleg, gammal duk inne hos Et katteliv
✦ heile torsdagsettermiddag i lag med to gode venar
✦ Bonnie Wright som i Go Gently-episoden pratar med Jordan M. Daniel om jorda me trår på
✦ kaffi og den nyaste boka til Helle Helle (den fyrste for min del)

1. apr. 2022

Foredrag og fine folk på Wiig Gartneri


Tredje året på rad at eg er med ei venepar ut til finaste Wiig Gartneri. Me køyrde ein gong på ettermiddagen i går, og i år var det ikkje "berre" for å handle inn planter til kjøkkenhagen deira og blomar til heimen vår – han eine kompisen min skulle halde eit foredrag om (nettopp) kjøkkenhage i lag med ei anna. Fyrst tok me ein liten runde og såg på alle plantane, prata og lo mykje. Veldig koseleg å helse på Susanne, ho andre som skulle halde foredrag. Etter kvart gjekk me bort til området der foredraga skulle vere. Kjekt å sjå at det allereie var komme ein del folk for å høyre på.




Sjølv om hage, grønsaker og dyrking ikkje er min store hobby, var det interessant og inspirerande å høyre Susanne og Dennis prate om emnet. Eg må også seie at eg er stolt over det Dennis har fått til på eitt år med Heddas gård i lag med Hansi, IG-kontoen Spiselig hage som er grunnen til at han held foredrag og ikkje minst boka med same namn som nyleg kom ut på Aschehoug forlag. Kjempestas å sjå venar brenne så sterkt for ein hobby at det går an å jobbe med det og inspirere andre til å bli like interesserte i dyrking og kjøkkenhagelaging. Gøyal kveld, det var akkurat det eg trong i går.