3. apr. 2022

Teit start på ei veke som tok seg opp







Keisamt å starte veka med halsvondt og heimemåndag, men det er no slik det er. Var på jobb dei andre dagane før turnusfri. Fem tidlege morgonar no og så lang påskeferie. Gleder meg allereie til "Påskelabyrinten". Bøkene (ja, i fleirtal) har ikkje vore langt unna, og eg har verkeleg kost meg med kvar einaste lille lesestund desse dagane. Å vere med eit venepar heile torsdagsettermiddag var kjempegøy og koseleg, og gøy var det også i dag då me spelte bowling i lag med mamma, pappa og broren min. Hi, hi, for nokon var det lenge sidan sist, men eg trur me alle hadde det veldig moro lell! Skal prøve å ikkje bli altfor seine til sengs i kveld. Vekas kjekke ting punkt for punkt: 

sundagsmiddag, kaffi og bursdagskake heime på Sola no i kveld
liker bøkene Kristin Harmel skriv, og Livet som var ment for deg var både fin og rørande  
ikkje alt på ein gong så klart, men mykje godt til kaffien frå Fredagsbutikken
sola som laga skuggespel på blokka vår fleire av dagane
søtaste lille pusen, veit eg skriv det i kvar sundagsliste, men det er sant!
gå ein liten tur rundt Vannassen i lag med broremann i går – sola var heilt magisk :)
Nicolay Ramm som parodierar OL-utøvarar – litt gammal video, men veldig moro lell
stor stas at Dennis si bok Spiselig hage gjer det godt i bokbutikkane
bokserien om "dei sløve hestane" i Slough House er nå blitt TV-serie med Gary Oldman i spissen 
fargerike blomar på Wiig Gartneri
Rachmaninovs pianokonsert nr. 2 i ein kjempefin celloversjon
bokmerket som matcha genseren som matcha teppet då eg sat og las i går
heimemåndag sidan eg ikkje var i form; hjalp med garnpakke frå Pickles og strikking generelt
gamle, stilige kjøkkenkrukker som me såg i den bruktbutikken
vinterlyset i Oslo, fanga så fint av Hanne
soloppgang over svømmehallen
veldig nøgd med dei tre bruktfunna som eg fann no nyleg
å bowle i lag med familien i dag, morosam sundagsaktivitet
ein gigantisk ranunkel og ein nydeleg, gammal duk inne hos Et katteliv
heile torsdagsettermiddag i lag med to gode venar
Bonnie Wright som i Go Gently-episoden pratar med Jordan M. Daniel om jorda me trår på
kaffi og den nyaste boka til Helle Helle (den fyrste for min del)

Legg igjen ein fin tanke