19. des. 2014
"Mitt sommarlov..."
"...vad jätteskönt mitt sommarlov ska bli." (Anita Hegerland). Som så mange andre av lukene i Emily sin bloggjulkalender, synest eg det er vanskeleg å velje berre eit bilete. Når dagens luke er "en bild från din semester/sommarlov", måtte eg velje fleire: eit frå Reykjavik, eit frå Central Park midt i New York, eit frå Vinjerock og eit frå Gladmatfestivalen. Årets sommar var varm, me åt is og bada. Eg jobba i seks veker samstundes som eg rakk å treffe mange av mine fine vener. Og saman med både trevekersturen vår og Vinjerock, har eg så mange fine opplevingar å sjå tilbake på med tanke på sommaren som var. Håper neste sommar blir like fin; må berre nyte jula fyrst :)
Merkelapp
bloggjulkalender
18. des. 2014
18.desember og juleferie
Mørket har senka seg. Julestemninga kjem sakte, men sikkert inn i denne heimen også. Ikkje sånn med ein gong, for det er jo heilt antiklimaks å plutseleg ha fri, ikkje tenkje på eksamen eller oppgåveskriving, berre vere meg og ikkje "ein flittig student". Kjempekjekt å ha besøk av broren min i går, og alle tre hadde ein fin kveld med god tacosalat, "mekking" av skap og baking av gode sjokoladestenger. Sov lenge i dag, noko som var heilt fantastisk! Var på kafé med ei god veninne midt på dagen, og utpå kvelden feira me (både han der fine, broren min og eg) både overstått eksamen, seksårsdag og juleferie med god middag på restaurant og Hobbiten: Femhærerslaget på kino (måtte jo sitje til og med rulleteksten for å høyre den finaste "The Last Goodbye" med Billy Boyd). Med andre ord har det vore ein fin start på ferien :) I bloggjulkalenderen i dag, luke nr.18 altså, er det "en bild på något fint du fått i år". Denne synest eg var veldig vanskeleg, for det er jo så mykje når ein fyrst byrjar å tenkje over det. Eg har fått leike med tantebarna mine, eg fekk billettar til Les Misérables på bursdagen min, dette fine serviset etter mormor. Tenk alle dei opplevingane me fekk i løpet av vår tre veker lange ferietur til Reykjavik og New York. Alle dei gode artistane på Vinjerock, alle dei fine minna. I mai fekk eg studieplass, og eg har fått fine roser då leilegheita var i boks. Trass i eit litt tungt haustsemester, har det vore eit fint år med mykje som har hendt, mykje fint eg har fått, både av opplevingar og av ting. Eg er rett og slett veldig heldig!
Merkelapp
bloggjulkalender
17. des. 2014
Luke nr.17
Endeleg! No kan også eg seie...JULEFERIE! :) Uavhengig av korleis det har gått med dei to eksamensoppgåvene, er det så herleg å vere ferdig, og det skal bli godt å kunne setje meg ned med ei god bok og berre senke skuldrene. I kveld kjem broren min hit på besøk, og me skal bake mormors sjokoladestenger. Ingen jul uten, "og slik er det med den saken". Luke nr.17 i bloggjulkalenderen er "en bild från i höstas som ger dig höstfeeling". Kanskje ikkje det biletet med mest fargar, slik som desse og desse. Men likevel så er dette ordentleg haust med eit blad på bakken, regndråper, og biletet blei tatt på veg til ein loppemarknad, noko som høyrer hausten til.
Merkelapp
bloggjulkalender
16. des. 2014
Eit lite "sjølvknips"
Selfie, "sjølvknips" eller sjøvportrett. Ikkje akkurat det eg pleier å bruke kameraet til (verken speilrefleksen eller mobilen), så når dagens luke i bloggjulkalenderen hos Emily er "en selfie/ett självporträtt du tagit i år", blei det eit bilete eg har delt før. Eit bilete frå i sommar som vekkjer gode minne om ein kveld med to gode veninner. Eg hugsar kjensla av å komme heim etter ein kjempekveld både heime hos eine og ute byen, med kyssemerke på kinnet frå forlovaren min og dassvåt i håret etter at det regna frå busstoppet og heim. Ein drukna katt, det var meg, det ;)
Merkelapp
bloggjulkalender
15. des. 2014
Latter i kvardagen
Latter. Smil. Gledestårer. Altså: det er jo mange som får meg til å le. Vener, kjente, komikarar, familie, filmar. Men når du bur saman med ein spesifikk person, endar det ofte med at ein utviklar ein heilt eigen humor. Eg trur ikkje det er nokon som får meg til å le så høgt som han eg bur saman med. Sjølv om eg kan bli sur på han og me ikkje alltid er like einige om saker og ting, så gjer det ingenting. Me har vår eigen humor, ein humor som ikkje kan forklarast. Å tulle saman med han, å le og få ordentleg latterkrampe saman er noko av det beste. Særskilt i ein elles litt travel og grå kvardag. Luke nr.15 hos Emily er "en bild på en person som får dig att skratta" ☺
Merkelapp
bloggjulkalender,
kjærleik,
kvardag
14. des. 2014
Tredje sundag i advent
Sånn heilt på tampen. Har sete med eksamensoppgåvene mesteparten av helga. Sjølv om eg kanskje ikkje blir hundre prosent nøgd, så ser eg lyset i enden av tunnelen, og det skal blir så innmari godt. Det har vore ein altfor lang eksamensperiode, så no er det nok. På onsdag er det ferie. Men har heldigvis klart å samle nokre fine punkt til sundagslista mi denne veka også:
✦ sjå den finaste Moonrise Kingdom, ein film me begge to kan sjå om og om igjen. Wes Anderson er berre best!
✦ at eg gjennom dette innlegget hos Silversaga fann ut at Teskjekjerringa på svensk heiter "Teskedgumman"; så utruleg kult namn og ord!
✦ sjå Down with Love med eit herleg plot og til og med referanse til Star Wars
✦ også denne fredagen ta ein god kopp med kaffi på kafé nede i sentrum
✦ le litt av dette videoklippet, og også av denne fine geita
✦ henge opp bilete både i stova og på gjesterommet
✦ "Could we start again, please?" frå Jesus Christ Superstar på Beat for beat (måtte sende melding til mamma med ein gong eg høyrde kva song det var)
✦ med dette innlegget får eg så lyst til å reise til Skottland, sånn helst i går
✦ ete god frukost i lag med han fine
✦ "22 Times Jennifer Lawrence Just Did Not Care What Anyone Thought"
✦ fin desembermorgon hos hjartesmil
✦ gode kanelbollar som ei lita feiring av seksårsdagen vår
✦ nydeleg kærleikshistorie og eit innlegg om "one little word" hos Sandra
✦ 40 historiske fotografi
✦ glede meg til å lese den fyrste Harry Potter-boka i juleferien
✦ inspirerande og kjekke historier: denne og denne

sundagsliste
Til deg ❤
Alle dei gongane me har hatt latterkrampe saman. Alle dei gongane du har trøysta meg når det har vore ein grå og kjip dag. Alle dei gongane me har vore barnslege saman og lurt på kva andre ville ha sagt. Alle dei gongane du har sett på meg og sagt "du er så fin, du", "eg er glad for at du er mi", "snuppa mi" og "eg elskar deg". Alle dei gongane eg har låge tett inntil deg for å få varme og for å kjenne meg elska. Alle dei gongane du berre er. For det eg elskar deg.
Seks år er gått sidan du og eg blei vi. Det er seks år sidan eg stod og venta spent på bussen. Seks år sidan me kyssa forsiktig, heldt kvarandre i hendene medan me gjekk ute i den kjølige desemberlufta. Mørkt ute. Fine stjerner på himmelen. No, seks år etterpå, har me kjøpt oss ei leilegheit, me har skapt vår eigen heim. Neste år skal me gifte oss. Eg gleder meg til å ta fatt på framtida saman med deg, vere der for kvarandre uansett. Gratulerer med dagen, verdas finaste ♥

kjærleik
Abonner på:
Innlegg (Atom)