Mindre strikking, meir lesing. For 2024 blei det året der eg strikka veldig lite om ein samanliknar med dei føregåande åra, men det var også året eg las 185 (!) bøker. Så klart, nokre bøker var mykje kortare enn andre, likevel er dette ganske kult. Omtrent 70 prosent av bøkene, har eg ført opp som mi eiga bokhylle (inkl. lesebrett og leseeksemplar), og eg håper å fortsetje med å plukke bøker frå mi eiga hylle også i år. Så får me sjå om eg ønskjer å strikke litt meir og lese mindre eller kva som skjer. Uansett, eg set pris på lesestunder om morgonane og lesing på kafé. Lesing før me legg oss, lesing på ein togtur og lesing på orkesterøvingar der me ikkje speler like mykje. I tillegg til #readchristie2025, er lesemålet mitt i år å les ei bok i månaden som mannen min har plukka ut til meg. Hi, hi, dette kan bli spennande. Som vanleg er det ikkje like enkelt å oppsummere eit heilt år i bøker, men eg skal prøve. For det meste les eg enkeltståande bøker,
men så er det jo slik at også eg kan bli hekta på ein serie eller fem. Eit par Herriot-bøker las eg (og koste meg verkeleg med!), og B. K. Borisons In the Weeds og Mixed Signals
er bok nummer to og tre i ein kjempekjekk serie. Las også dei to siste
bøkene i serien om Bergman-brødrene av Chloe Liese, men den serien som
nok aller mest tok meg med storm, var dei seks bøkene om
piggsvinsenteret Hedgehog Hollow av Jessica Redland.
Fjorårets leseutfordring var å lese ei faktabok i månaden, og eg las faktisk fleire faktabøker enn sjølve lesmeålet. To bøker av James Rebanks blei lesne i fjor, Livet på landet og Fuglevokteren fra Vega, der sistnemnde står igjen som ei av fjorårets beste bøker. Andre gode faktabøker eg las, var Trist tiger av Neige Sinno, Jærkshire av Helge Torvund, Norske ødegårder av Øystein Morten og 16 dager på Lillehammer av Magnus Helgerud.
Å,
mange av bøkene eg les, tar meg ut på ei reise, anten til ekte plassar
eller fiktive stadar. Montgomerys bøker om Anne Shirley var det så
utruleg fint å gjenlese, den beste av dei er vel kanskje den fyrste – Anne of Green Gables
– men eg verkeleg koste meg med å lese heile serien, bøker som lot meg
reise tilbake til finaste Prince Edward Island. Bøker om bøker lar meg
også få vandre djupare inn i bøkenes magi, og her må eg nemne Lost for Words og Found in a Bookshop av Stephanie Butland. Likte også godt Bookworm
av Lucy Mangan om barndomslesing, Jane Austen tok meg med til ei anna
tid, med Mandy Baggot besøkte eg flotte Korfu, i The Seven Year Slip av Ashley Poston var eg med på ei tidsreise, og sjølv om den ikkje var
den aller beste i serien, var det gøy å lese Den siste bokvandreren av Anna James.
Kva bøker har overraska meg? Eg trur This Summer Will Be Different
av Carley Fortune var ei av dei som overraska meg mest. Eg venta
kanskje ein meir stereotypisk kjærleiksroman, og på mange måtar var den
det, samstundes var den så fint skriven med meir djupn og det var
kjempekjekt å lese ei moderne bok der handlinga var frå besteste Prince
Edward Island. Ixelles av Johannes Anyuru var meir mystisk enn det eg trudde, at Sally Rooney verkeleg kan skrive fekk eg erfare med Intermezzo, og eg koste meg meir med Kan du høre byen puste ut av Don Martin og Zeshan Shakar enn det eg hadde venta at eg skulle gjere.
Sidan eg allereie har nemnt #readchristie-utfordringa: eg las fleire gode Christie-bøker i fjor, og det var stor stas å sjå skrivemaskinen hennar på universitetsbiblioteket i Cambridge. 2024 var ikkje det året der eg las mest krim, men eg las i alle fall Ann Cleeves The Raging Storm, bok tre i Two Rivers-serien. Og så må eg ikkje gløyme bok nummer fire i Torsdagsmordklubben-serien av Richard Osman. I mine auge er den framleis ein ordentleg kosekrimserie! På fremmed jord av Mick Herron, bok nummer seks i serien om dei sløve hestane, Døden kommer til Pemberley av P. D. James, unike Skygge i snøen av Oriana Ramunno og Tore Renbergs Lorden, som sånn sett ikkje er krim, men som har spenninga slik ei krimbok har gåande heile vegen.
Valerie Perrin, som også har skrive Å vanne blomster om kvelden, har ei heilt eiga måte å skrive på, med ord og setningar som er sårvakre og som set spor. I fjor kom debutromanen hennar på norsk, Glemt på en søndag, og den var nydeleg. The Star That Always Stays av Anna Rose Johson var også ei vakker bok, medan Gutten, muldvarpen, reven og hesten av Charlie Mackesy var fin på eit poetisk vis med flotte illustrasjonar. Tranene flyr mot sør av Lisa Ridzén om alderdom og einsemd er sårvakker på litt den same måten som Perrins bok.
The Offing av Benjamin Myers var ei sakte bok som rørte meg. Ways to be Me av Rebecca Westcott fekk tårene til å renne, noko også Jamie av L. D. Lapinski og A White Christmas on Winter Street av Sue Moorcroft gjorde, og ikkje minst Rilla of Ingleside av L. M. Montgomery, den siste i serien om Anne Shirley og familien hennar. Andre bøker er rett og slett kjempebra sjølv om eg ikkje fell tårer: The English Bookshop av Janis Wildy, Tell Me Everything av Elizabeth Strout (lurer på om dette er hennar beste bok i mine auge), og Et godt liv av Virginie Grimaldi.
Tårene kjem ikkje alltid (sjølv om det er ofte), og det som er så kjekt med bøker, er at dei også kan få deg til å smile, småhumre, le eller kjensla av å få ein god, varm klem. Ei av dei eg lo mest av, var Are Kalvøs Berre bøndar lengtar heim. Akkurat min type humor! The Book-Lovers's Retreat av Heidi Swain var den gode, varme klemmen. Stompa og co av Anthony Buckeridge var både artige forviklingskomedie og ordentleg nostalgi, Til døden skil oss av Anders Totland ei herleg røvarhistorie og The Duchess of Bloomsbury Street av Helene Hanff er berre så morosam og finfin historie om ein bokelskar i London.
Bokdykking,
eg veit ikkje om det eigentleg er eit ord, men det skildrar godt det
ein gjer nå ein verkeleg sluker ei bok, forsvinn inn i eit eige
univers. The Secret Garden, eller Den hemmelige hagen, av
Frances Hodgson Burnett er ei slik bok for meg, same kor mange gongar eg
les den! Å vere der i hagen i lag med Mary, Dickon og Colin, ikkje
minst bli betre kjent med raudstrupen, for ei eiga kjensle. I desember byrja eg også å lese Narnia-bøkene på nytt, og det er
gøy å dra tilbake til barndommens fantasiverd. Og det same med alle
karakterane i Mummidalen, for både det å gjenlese bøker og dykke ned i
ei heilt anna verd, er noko av det beste med å vere bokelskar. Her må eg
også nemne Helene Hanffs 84, Charing Cross Road, den er ein ekte klassikar for alle oss bibliofilar!
Legg igjen ein fin tanke