2025 blei ikkje det nye 2024 om ein berre ser på kor mange bøker eg las, for 2024 var eit rekordår for min del. Men 153 bøker i fjor, eg kimsar absolutt ikkje av det. Tvert om så er eg veldig nøgd. Lesinga er noko som får meg til å senke skuldrene, eg slappar av med ei god bok i fanget, og eg koser meg når eg får dykke ned i eit heilt eige univers. Lesestunder om morgonen og lesing på senga. Kanskje litt lesing på kafé, på toget eller på ferie i lag med den aller finaste. Ei viktig kvardagsglede. I fjor var dryge 84 prosent av bøkene eg las, henta frå eiga bokhylle (inkl. lesebrett og leseeksemplar), og eg satsar på å lese mykje frå hyllene våre også i år. Det aller meste eg les, er enkeltståande bøker, men innimellom les eg seriar, og i fjor var det jaggu meg fleire gode krimseriar. Vera og Shetland av Ann Cleeves har eg verkeleg kost meg med. Eg las dei to fyrste bøkene om Karen Pirie av Val McDermid, dei fire fyrste bøkene i kosekrimserien om Jodie "Nosey" Parker slukte eg, og så klart må eg nemne sjølvaste Endeavour Morse. For det var stas å lese den fyrste boka av Colin Dexter medan me var i Oxford, og eg rakk å lese to til før året var omme.
Noko som var ein gjengangar i fjor, var at eg las mange klassikarar. Ei av dei av Jane Austens Emma. Andre var Wuthering Heights av Emily Brontë, The Tenant of Wildfell Hall av Anne Brontë, The Wizard of Oz av L. Frank Baum Far From the Madding Crowd av Thomas Hardy og Mary Shelleys Frankenstein.
Ikkje nok med alle dei andre krimbøkene eg las, så klart var eg med #readchristie2025 og fekk nok ein gong, kvar månad, dykke ned i Agatha Christies verd. Å kunne dykke ned i ei bok, bli betre kjent med eit univers, sluke det eg les, eg vel å kalle det bokdykking. Etter nærmare fem års ventetid, var det endeleg på tide å besøke Ingenlund-universet igjen, og eg det var så innmari kjekt å lese Sølvbåren av Jessica Townsend. Gjenlesing av Tove Janssons Sommerboken, Sent i november og Pappaen og havet er også ei form for bokdykking. The Railway Children av Edith Nesbit var nok ei gjenlesing frå fjoråret, og det var veldig fint å vere tilbake i den boka igjen.
Min venn pingvinen av Tom Michell var ei bok som verkeleg rørte meg, og det var ikkje berre fordi det handla om ein pingvin (sjølv om det absolutt var mykje av grunnen). The Brilliant Life of Eudora Honeysett av Annie Lyons, Alt jeg ikke sa av Celeste Ng, Farmor har kabel-TV av Tore Renberg og ikkje minst Biblioteket i Gaza av Rachid Benzine er andre bøker som røska i meg på ein eller annan måte.
Fjorårets leseutfordring var å lese ei bok i månaden som min betre halvdel hadde plukka til meg. Her las eg mellom anna klassikarane Den store Gatsby av F. Scott Fitgerald, Redderen i rugen av J. D. Salinger og Alice in Wonderland av Lewis Carroll, to bøker av Terry Pratchett (Skrellingene og The Amazing Maurice and his Educated Rodent), Trilogien av Jon Fosse, Trollmannen fra Jordsjø av Ursula K. Le Guin og Haikerens guide til galaksen av Douglas Adams. Leseutfordringa mi i år er forresten å lese ei bok månaden av norske kvinnelege forfattarar som eg ikkje har lese før, ei bok for kvart tiår mellom 1900 og 2010. Her blir det spennande å sjå kva eg klarer å finne, eg ser det er ikkje berre berre å plukke fram frå gløymsla.
Der 2024 var året eg las minst ei faktabok i månaden, blei det ikkje så mykje av det i fjor. Men nokre blei det jo lell, mellom anna Ferjefolket av Halvor Folgerø, Havet av David Attenborough, Poirot and Me av David Suchet, Bienes verden av Henninge Torp Bie og sist, men ikkje minst Our Great Canal Journeys av Timothy West. Å, som eg elska det programmet, og å lese boka var eit rørande gjensyn med to fantastiske personar. Eg fekk vore med på tur både i Storbritannia, Sverige, Italia, Canada og fleire andre land og plassar. Andre bøker som tok meg med på ei reise, var The Road to Yesterday av L. M. Montgomery (eg blir aldri lei av å besøke Prince Edward Island), og One Golden Summer av Carley Fortune var ei bra kjærleikshistorie som også drog meg til Canada. Gjenlesinga av Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe fekk meg til å reise tilbake til barndommen og tilbake til Sverige på 70-talet. Å få vandre djupt ned i bøkenes magi, skjer titt og ofte, og bøker om bøker er alltid magiske: The Echo of Old Books av Barbara Davis, The Diary of a Bookseller av Shaun Bythell og The Story Collector av Evie Woods. Korfu fekk eg besøkt då eg las One Greek Summer Wedding av Mandy Baggot og Ministeriet for tid av Kaliane Bradley var ei ekte tidsreise.
Er det nokre bøker som overraska meg? Ja, det er vel alltid det. Lars Ellings Ved porten til stillhetens skog overraska meg med å vere både meir direkte og meir leiken i språket, og det endte med at mannen min las den etter meg. Lånt jord av Scott Preston var på nokre punkt ei røvarhistorie med eit dystert bakteppe som eg ikkje var forberedt på. Eg likte Jordbane av Samantha Harvey meir enn eg hadde trudd, og Gater jeg har levd av Nikolai Torgersen lever opp til alle dei gode meldingane. Bokhandelen i fyrtårnet av Sharon Gosling var djupare og endå finare enn det eg hadde sett for meg i hovudet mitt, og blei raskt ein favoritt.
Joda, bøker får meg ofte til å gråte, men dei får meg også ofte til å smile og le. Book Love av Debbie Tung var ei bok eg småhumra mykje av, og den var så gjenkjenneleg, tihi! My Neighbor Totoro av Tsugiko Kubo var rett og slett herleg å lese sjølv om en på visse punkt også var rørande. Å få lese den nyaste boka i serien om Torsdagsmordklubben, nemleg Den umulige formuen av Richard Osman, var som vanleg som å få ein ordentleg god klem. Call of the Penguins av Hazel Prior må eg også nemne her, det same med Oskar og eg – Alle tinga vi har av Maria Parr og Du er her av David Nicholls. B. K. Borisons bøker Business Casual og First-Time Caller var også slike mjuke bøker. Okei, mjuke kjærleiksbøker. Are Kalvøs Meininga med livet var akkurat passe fjollete, og me treng det også innimellom.
Rachel Joyces Harold Frys utrolige pilegrimsferd las eg i 2023, og oppfølgjarane Queenies kjærlighetssang og Maureen er to sårvakre historier som sit igjen. Ingrid Lensols Jeg savner å føle at noe ikke skal til slutt setje ord på melankolien som overgangen til vaksenlivet kan vere medan Thomas Korsgaard med novellesamlinga Snytt ut av nesa viser at han kan seie mykje om mangt med få ord; han kan det å skrive. Det kan også Valerie Perrin, for som med dei andre bøkene eg har lese av ho, ligg det ei nerve i Tata som gjer at du berre vil lese meir og meir. Keramikk for nybegynnere av Yeon Somin var ein slik stille roman som gir deg ei heilt eiga kjensle, kjensle av både ro og melankoli, håp og stille. Og Angela Hardings illustrasjonar i Summer's Hum er så nydelege at eg gjerne kunne ha hatt dei på veggen, medan stemninga frå Paolo Cognettis Nede i dalen er til å ta og kjenne på.
Legg igjen ein fin tanke