Tenkjer eg også i år skal prøve å oppsummere 2025, sett gjennom mine og våre auge. Kvardagane har vore litt opp og ned, lik det eg skreiv i fjorårets oppsummering. Eg skal ærleg innrømme at det å stå i ein butikk gjennom ein heil arbeidsdag, i tillegg til å jobbe kveldar og helger, gjer meg veldig sliten. Men småturar i nærområdet, gå til og frå jobb (før me flytta, no er det jo veldig kort veg) har gjort godt, og eg håper på meir av flotte turar. Heile seks (!) musikalar og eitt teaterstykke blei det, tihi! Interrailtur, overnatting i ei hobbithytte, orkesterkonsertar, spelekveldar med familien og huskjøp står alle høgt på lista over 2025-minne. Den aller fyrste månaden, altså januar, såg slik ut: lese fleire julebøker, snø i byen, nytt prosjekt med orkesteret, vaskerunde i heimen, flytetank, heimelaga klementinmarmelade, det vårgrøne som byrja å poppe opp, raudstrupe ved den botaniske hagen, passe ein finfin pus, nytt lesemål (mannen min skulle plukke ut ei bok til meg – ei bok for kvar månad), vintersola, sjå Conclave på kino og høgtlesing av minnelappar.
Februar: starte månaden med herleg gåtur og kafébesøk i nabokommunen, gøy med eit gjensyn av Guys and Dolls frå 1955, tacokveld på Sola, språksjov i Sandnes kulturhus med Linda Eide, Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø, byggje LEGO-blomar, snøklokker, lese siste rest av Narnia-serien, forkjøling, tjukk og fargerik strikk, A Complete Unknown på kino, kul utstilling på Stavanger kunstmuseum, sundagsrusletur og vakker solnedgang over naboblokka.
Mars: fleire snøklokker i hus, lage semlor, Twiggygenseren 2.0, feire pappas bursdag og spele konsert same dag, mjuke lesestunder, dogg og tåke på veg til jobb, mannen min sin disputas, feire den i lag med familie, slekt, venar og kollegaar, lese Tove Jansson-bok, krokusar ute og blomebukettar inne, Oslo-tur for å sjå Wicked, bra konditori og godt selskap i hovudstaden, kaffi og bok på toget og lesing medan eg gjekk til jobb.
April: spasertur med ei god veninne den fyrste aprildagen, lage ferdig fotobok for interrailturen 2024, passe Zalo, få frukost på døra då eg hadde bursdag, gå til jobb og kjenne sola i andletet, påskeliljer langs jobbvegen, Tjeltaturen i lag med mannen min og broremann, tusenfryd i graset, søte lam ved jernaldergarden, fyrst vår vanlege gartneritur og sidan god mat i lag med to fine personar på Drivhuset bageri, ordentleg hyttepåske, solnedgang over vatnet, mykje spel og quiz, pizza steikt i pizzaomn, lese ut klassikaren Emma i det som var eit stort Jane Austen-år, tur i området rundt hytta og rosa blomar på trea ved universitetet.
Mai: nytt prosjekt med orkesteret, Christie-klassikaren And Them There Were None som krimkomedieopera, ete på god restaurant før forestillinga, busstur til Haugesund for å besøke slekta hans, stikke innom Den lille bokbutikken og Haugesund folkebibliotek, balkonglesing, sjå den aller siste episoden av herlege Gavin and Stacey, rundt Vannassane med ei veninne, fleire rosa blomar på trea, fin katt i solskinet, feire nasjonaldagen i ein sytti år gammal bunad og vere saman med fleire fine folk, byrje å planleggje sommarferien, nytt strikkeprosjekt og heile ti år som mann og kone ♥
Juni: nye songar frå The Swell Season, togtur til Oslo for å sjå finaste Once på det Norske Teatret, besøke svoger med familie, ete god middag i Oslo før musikalen, mykje lesing på toget, lese ei spennande Christie-bok, spele konsert i lag med orkesteret på ein tysdag, meir balkonglesing, rørande å sjå den aller siste episode av There She Goes, feire bryllaupsdag og bursdag på Kronen Gaard, ny bursdagsfeiring med slekt på Sola, spele "Kubb", søte svaneungar og ein liten sykkeltur på delar av sykkelstamvegen.
Juli: spele "Hitster", porsjonspizza på Sola, strikkestunder, gjenlese finaste Sommerboken av Tove Jansson, overnatte i ei hobbithytte på Hjelmeland, godt å finne roa og berre lese, spele litt badminton, kaffi og lesing på senga, sjå rådyr, handle på nærbutikken på Randøy, tur i Eventyrskogen i Årdal, sykkeltur til Hafrsfjord, dele ein is i sola, fargerike markblomar langs sykkelstamvegen, høyre på det nyaste albumet frå The Swell Season, balkonglesing, og interrailtur med flotte bokhandlarar, bad i Aachen, sjå siste forestilling av Fiddler on the Roof på Barbican, besøke Oxford og Northumberland, køyre ut til Lindisfarne, gå langs Hadrian's Wall, utforske Didcot Railway Centre og berre ha ferie.
August: minisykkeltur til eit lite vatn, Zalobesøk, lese ein klassikar, kafédate med ei god veninne, uventa overnattingsgjestar, blomane i den botaniske hagen, blogge om interrailturen, dra til Bømlo med to fine personar for å sjå The Sound of Music på Moster Amfi, bading og god middag på hotellet, piggsvinpass, kjøpe hus (!), koseleg å ete pizza, prate, strikke og sjå film i lag med ei av mine beste veninner, lesing og spasertur rundt Vannassen, oppleve Flåklypa Grand Prix in Concert med SSO og ein raudstrupe på ein benk ved Mosvatnet.
September: sykle til Stokkavatnet for ein liten piknik, balkonglesing etter jobb, pakke ting ned i flytteesker, komme i gong med ny orkestersesong, flott garnkombinasjon på eit strikkeprosjekt, ei veke med Zalo i hus, lese ei Morse-bok, sundagsmiddag heime på Sola, lanterne ute på balkongen, flytetanktime, kaffi og noko attåt på kunstmuseet med ei god veninne etter å ha gått ein tur i lag og fleire kveldar med magisk himmellys i nabolaget.
Oktober: alle helger var opptatte, gjenlese finaste The Railway Children, køyretur austover og sidan over fjellet, regnboge langs vegen, sjå The Book of Mormon på Folketeateret, alle haustfargane langs E6, haustferie på Sunnmøre, besøke besteste Stolt Mat fleire gongar, stikke innom bruktbutikken Kyrkjetorget, køyre til Trondheim, besøke ei gode veninne, sjå RENT i lag med ho, den aller vakraste utsikta, lese mykje, overnatte på Fleischer's Hotel, svømme og bade på hotellet, konfirmasjon til nevøen vår, besøke tante i Åsgårdstrand etter konfirmasjonen, mange flotte soloppgangar og -nedgangar, lese ei bok av L. M. Montgomery, konsert med orkesteret og ta over tomannsbustaden.
November: flyttehelg (!), få heilt ypperleg flyttehjelp, lese ut ny bok i Torsdagsmordklubben-serien, dra innom Solamessen, Morgenlevering på døra av ei god veninne, utforske nærområdet i lag med ei anna god veninne, lesing på veg til jobb, haustfargar ute, helse på nabokatten, lese Frankenstein med Leseklubben, to raudstrupar rett utanfor kjøkkenvindauget, sollyset inn i nyheimen vår, julemarknad på Varatun, skrive julekort, lese endå ei Austen-bok, Tønes sin julekonsert, julekakebakesundag og tenne det fyrste adventslyset.
Desember: himmel i brann, besøke butikken og kontora til Spiselig hage, setje saman to små hyller, stikke innom IKEA eit par gongar, ta fram julepynten, konsert med orkesteret i samband med Sandnes kulturhus sitt jubileum, spele "Benedictus" med orkesteret, feire sytten år som kjærastar, UiS sin julekonsert, prate med kundar frå Nova Scotia, få julekort i posten, ha eit venepar på besøk ein kveld, førjulskos hos pantertante, ha ei veninne på besøk på lille-lille julaftan, spa og flytetank på sjølvaste lille julaftan, ha ordentleg juleferie, feire jula heime på Sola, gå ein herleg tur langs Hellestøstranda fyrste juledag, lage middag og invitere familien hit andre juledag, julefrukostquiz med kjekke folk og feire nyttårsaftan i lag med ein kjempefin gjeng!
Legg igjen ein fin tanke