17. nov. 2024

Det viktige sollyset






Kvar morgon har starta med frukost i lag med mannen min og Zalo. For han der luringen kjem ut med ein gong med opnar for han, og han nærmast ventar på å få mat, ho, ho. Veka har elles vore verkeleg november med mykje gråvêr og sur vind. Men innimellom har det glimta til, mellom anna då eg gjekk til jobb i solskinet på måndag, så det tar eg med meg som små, men likevel viktige, kvardagsgleder. Fri i helga, og i tillegg til å slappe av, var me innom julemarknaden på Varatun gård. Godt besøkt, kjekk stemning og mykje å sjå på. Fekk med oss eit par julegåver heim, og det var også ein bra fangst på REKO-ringen tidlegare denne veka. Over til resten av dei fine tinga:
 
hugsa lite av Den tredje piken, og det var gøy å lese denne boka med Poirot i storform
å, haustsolskinet inn i stova eit par av dagane, trass ein veke med gråvêr
klagar ikkje på å prate litt med ei veninne som stakk innom jobben i byrjinga av veka
denne vakre raudstrupeteikninga av Anne Mortimer
gå til jobb på måndag, nyte sollyset og skuggespelet mellom alt haustlauvet
lese Coming Home to Seashell Cottage av Jessica Redland, den siste boka i akkurat den serien
Zalo er så artig når han sit oppå buret og et frukost i lag med oss
den nyaste vloggen frå Miranda med mellom anna julebøker
regndropar på ein spindelvev
klassikaren A Month in the Country av J. L. Carr er ei fin lita perle av ein kortroman
framleis nokre tre med knallgule blad rundt omkring
veldig kjekt å lese denne artikkelen der Skolekorpset Sola, mitt gamle skulekorps, er med
bileteboka Hvem skal trøste knøttet? av Tove Jansson er rett og slett koseleg
joda, eg gjekk til jobb på onsdag trass yr, så godt å bevege meg ute
lese på bussen torsdagsmorgon då sola byrja å titte fram, og tur innom REKO-ringen på kvelden
"Suo Gân" – nydeleg walisisk låt med harpe som hovudinstrumentet
mykje gøy å sjå (og nokre julegåver i boks) på julemarknaden på Varatun gård
og den automatiserte miniatyrjuleverkstaden var like kul i år også
høyre to musikalsongar på rad på radioen ein morgon
søvnig kvalp som blir passa på ein av mykje større hund
laurdagstaco og eit gjensyn med Blazing Saddles frå 1974
fikse ein cardigan og ein hanske som begge hadde hòl
Tove Janssons Trollvinter må vere ei av dei aller finaste Mummibøkene

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Så fin liste! Jeg er så glad i de mummi-bøkene og spesielt Knøttet som vi har lest om og om igjen her hjemme. Jeg får aldri nok av historiene fra Mummidalen. Nå har vi også spilt Snusmumrikken spillet som jeg også så du hadde. Så fint å besøke bloggen din igjen :)

Silje sa...

Takk for kjekk kommentar, Anna! :) Mummibøkene set eg berre meir og meir pris på, for Janssons undrande tone er så utruleg fin! Og ja, det Snusmumrikken-spelet var veldig gøy å spele i lag med min betre halvdel :D

Legg igjen ein fin tanke