3. apr. 2024

Når ein kan spegle seg i vatnet




Lyseblå himmel, heilt blikkstille vatn. Etter dagar med ruskevêr, fekk me på sundag endeleg ein dag der det gjekk an å sitje ute. Å sitje ute på terrassen, lese, alt så stille. Men sjølv i gråvêr, er det fint å sjå utover Moslivatnet. Og ein av kveldane var det gylne skyer og eit mjukt lys over vatnet. Kaldt var det, likevel måtte eg ut for å nyte synet. Berre stå ved vatnet, høyre vinden suse, kjenne fjellufta.

Legg igjen ein fin tanke