28. apr. 2024

Forkjøling, dataspelmusikk og lesehelg








Ikkje så gøy å starte veka med forkjøling og lite ork, for som eg skreiv førre sundag, var eg ikkje god. Heldigvis tok det ikkje altfor mange dagar før sjuka slapp taket. Torsdag 2. mai startar årets store boksal (som ikkje er Mammut), og det har vore mykje å gjere i forkant av salet. Antar det blir endå meir i morgon. Vekas høgdepunkt må nok vere Stavanger symfoniorkesters konsert i dataspelmusikkens verd. Eg er ikkje den som speler noko særskilt med dataspel, men mykje av musikken fungerer som filmmusikk, og det er herleg episk. Dirigent Nils Erik Måseidvåg loste orkesteret gjennom konserten med stødige hender, sopran Kine Sandtrø fekk tårene til å trille og konferansier Guttorm Andreasen kom med mange artige fakta og hadde heile vegen ein raud tråd. Dette var fredagskveld, ein bra start å helga. Elles har helga vore superduperroleg med mykje lesing (lesing = balsam for sjela, alltid). Og lesing blir det nok litt meir av før me sløkkjer lyset. Vil du vite meir om den siste heile veka i april, sett gjennom mine auge, er det berre å fortsetje å lese:

så gøy å lese The Book-Lover's Retreat, ein ekte bokelskars draum
fuglane som syng når eg syklar til og frå jobb
kjempebra dataspillmusikkonsert med Stavanger symfoniorkester i konserthuset
å, så herlege, søte og artige geitekillingane ved Sunflower Farm er, berre sjå her og her!
vite at eg har så mange kjekke og gode bøker som berre ligg og ventar på meg
ny krukke frå Albin Brekke
alt det gamle i antikkbutikken
frå snill, gammal kone til ei ordentleg heks, kult korleis denne forvandlinga frå 1937 er så effektfull
ete på Jordbærpikene før konserten med SSO
materialkontrastar (som eg plutseleg oppdaga ved Stavanger ishall)
Mirandas heilt nydelege The Secret Garden-samling – tenk at det finst så mange utgåver 
kvitveis langs heile Mosvatnet
Alice Winns roman In memoriam er vond og håpefull om skeiv kjærleik og fyrste verdskrigen
sjølv las eg fleire enn 85 bøker i fjor, men likevel kjekk lesing om at me les meir enn for to år sidan
ungdomsorkesteret som speler før oss tysdagskveldane, øvde på temaet frå Cinema Paradiso
ååå, eg får ikkje nok av blomane på trea som er overalt no!-
når boka er finare utan smussomslaget, så for boka av Saint-Exupéry, berre måtte eg ta to bilete  
store og veldig flotte peonar inne hos Et katteliv
boka Er jeg på jorden som de sier? av Marie Næss var tøff lesing, samstundes trur eg den er viktig
laurdagstaco, artig program på skjermen og litt kortspel etterpå
Sand, vind og stjerner av Antoine de Saint-Exupéry, var ei draumande og filosofisk leseoppleving

Legg igjen ein fin tanke