2. apr. 2024

Generell påskehygge på påskehytta







Rolege timar på hytta. Ruskevêr eit par av dagane, og me sat inne og las, høyrde på radio og løyste kryssord. Herleg å sitje der og kjenne solstålane varme gjennom terrassedøra, for sola dukka faktisk opp sånn litt innimellom. På laurdag høyrde me den aller siste sendinga av "Påskelabyrinten" med Viggo Valle, og det var ordentleg vemodig. Det programmet som har vore med meg kvar påske sidan eg var lita og me sat i den lille, gule hytta til tante og onkel på Kråkerøy. Barndomsminne, altså. Kaffi frå ein favorittkopp, meir lesing, quiz avslutta kvar kveld (gøy at det eine svaret var finaste Prince Edward Island) og ekte påskekrimkryssord med Agatha Christie som tema.





Stearinlys om kveldane medan vinden ulte ute. Kjempegøy å prøve ut ein ny variant av "UNO" (tempoet var nokså høgt), og så klart blei det litt lesing også då sola var gått ned. Tubalyset på veggen er framleis like kult, alt det går an å lage! Påskekaka var frisk og god, pynta med pikekyss.


"Hyttetur med kanarifugl i bur...". I alle fall nesten, Zalo er jo ein undulat ;) Når han får sitje på toppen av buret eller på capsen til pappa, er han verkeleg i sitt ess. Maten vår er forresten meir spennande enn den han får i matskåla si, ja, til og med tran var han svært interessert i, ho, ho.











Balto var også med på hyttepåske. Også han kjente på den rolege stemninga og låg i stolen og slappa av. Og då han låg på teppet, var det nesten ikkje mogleg å sjå han. For min del blei det aller mest lesing, men litt strikking kom eg ikkje unna. På middagsfronten fekk me testa både grillen og pizzaomnen ute, særskilt i går då sola skein som aldri før og tanta mi laga nan ute på terrassen. Smakte heilt ypperleg! Utelesing på tampen av påskehytteturen, eg klagar ikkje på det.

Legg igjen ein fin tanke