1. jan. 2023

Nyårsliste




Vel å merke ikkje ei lang liste frå det nye året sidan seks av sju dagar denne veka var i 2022. Men sundagslista kjem no i dag, 1. januar. Eit nytt år er i gong. Gårsdagens feiring med pizza og film i lag med broremann blei veldig bra, akkurat passe for ein nyttårsaftan på ein laurdag. Måndag og tysdag hadde eg fri og me har spelt brettspel med familien, eg har fått lese ein del og prata mykje med ei veninne som eg dessverre ikkje ser så ofte sidan ho bur i Trondheim. Dei tre neste dagane var eg på jobb der det jamt over var godt med folk innom. Meir lesetid og ein del strikketid no i helga, og eg har kost meg med å sjå noko kjekt på skjermen medan eg strikka maske etter maske. Sein frukost i dag, film, strikking, litt lesing og til slutt sundagsmiddag og brettspel heime på Sola. Veit ikkje om eg er klar for å ta fatt på januars fyrste veke, men pyttsann. Her er årets aller fyrste sundagsliste:
 
lese juleheftet Juleroser, både frå 2021 og 2022
høyre på vakraste "Benedictus" på jobb medan eg rydda inne på LEGO-rommet
den finaste juleduken, julekaker og kaffi i eit nesten hundre år gammalt servise
Zalo som heng opp-ned på capsen til pappa 
sundagsmiddag heime på Sola 
alltid flott å høyre på stemma til Markéta Irglová
gøy å byrje på eit nytt strikkeprosjekt
det varme og gylne lyset frå adventsstjerna i stovevindauget
treffe kjentfolk på jobb to gongar i løpet av fredagen 
"Stjernesludd" med Kim Rysstad og London Philharmonic Orchestra
fint, kjekt og rørande å sjå Harry Potter 20th Anniversary: Return to Hogwarts på HBO
julekaker på eit retrofat, god kaffi og mykje prat med veninna mi fleire timar på tysdag
få gode, mjuke lesesokkar til jul
minitur med krøllebølle og Milo, kvalpen til ei av mine beste veninner, 2. juledag
lage tre forskjellige laurdagspizzaer og smake litt på alle 
korleis ein liten kattunge prøver å vekke ein mykje større hund
Sarah Morgans julebok One More for Christmas
mykje quiz og brettspel i løpet av juleferien i lag med familien
plasmakula på jobb er like fascinerande kvar einaste dag
som me lo og koste oss då me såg Glass Onion: A Knives Out Mystery i går kveld
nordlysfargar i kaleidoskopet på jobb
kaffi, lesesokkane og boka A Literary Christmas tidleg om morgonen i helga

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå, så fin liste Silje ♥ Og jeg la umiddelbart merke til bildet med den fine duken, julekakene og det fine gamle serviset. Tenk at det nesten er hundre år gammelt! Sender store varme nyttårsklemmer fra kalde nord ;)

Silje sa...

Blitt ein liten juletradisjon at dei heime på Sola tar fram denne duken og det gamle serviset når det er desember :) Nyttårsklem rett tilbake ♥

Legg igjen ein fin tanke