Januar er på hell, berre to dagar igjen av årets fyrste månad. Veka har vore ganske vanleg med varierte dagar på jobb, både når det gjeld arbeidsoppgåver og når det gjeld kor travelt det er, me var på orkesterøving på tysdag, fått tid til å lese mykje (blir ikkje lei toglesing) og i går var det endeleg ein fridag med bra vêr. Gjekk ved Frøylandsvatnet i lag med broremann, sola skein og etterpå var mannen min og eg innom Garborgsenteret for å høyre Edvard Hoem fortelje om Arne Garborg og hans samtid i samband med Garborgdagar. Litt stas å få med oss det. I motsetnad til i går, har det regna mykje i dag, og me har slappa av inne med bøker, puslespel, roleg musikk og god kaffi. Snart tar med oss kvar vår bok og les litt på senga før me sovnar. Tid for vekas tjueein fine punkt:
✦ kaffe latte og den finfine boka Lovelight Farms av B. K. Borison
✦ laurdagspizza og Pixar-filmen Fremad (Onward)
✦ kan ikkje klage på å pendle med toget når eg får oppleve ein slik solnedgang✦ sollys over fjelltoppane inne hos Et katteliv
✦ stilig skuggespel på planetariet
✦ rett-på-selfie med den kulaste vintagegenseren arva etter svigermor
✦ ete knallgod wok på Lille Bangkok i Sandnes før orkesterøvinga
✦ Synne har posta det fyrste bryllaupsinnlegget, koseleg å få ta del i den store dagen
✦ innekos på ein regntung sundag
✦ diktene mine vil ikke forande verden av Patrizia Cavalli er den fyrste diktsamlinga for min del i år
✦ hi, hi, artig å opne Fanz Jäger-skapet på jobb, ordentleg Egon Olsen
✦ endeleg bli ferdig med Aisato-puslespelet
✦ lese på toget medan sola gjekk ned
✦ bittesmå pinnefigurar i alle moglege situasjonar, mellom anna med søte ekorn
✦ dagslyset!
✦ silhuettar i solskinet rundt Frøylandsvatnet i går
✦ sjå nokre episodar av Drømmeslottet
✦ begge syntest det var kjekt og interessant å høyre Edvard Hoem fortelje om Arne Garborg
✦ gøy å lese ut Gargantis, bok nummer to i Illevik-serien
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
He he - jeg oppdaga genseren med en gang jeg kikka på bildene. Eller rettere sagt, jeg så den flotte kragen og visste hva du hadde på deg :-) Jeg er glad for at du kunne ta unna noen av alle plagga som på merkelig vis hadde krympet mens de var oppbevart i skuffer og skap. Så slit dem med helsa, som det heter i ordtaket. Krympflasjon, er et nytt og moderne ord - men det gjelder kanskje ikke klær :-)
Kragen på genseren er det som verkeleg gjer den til ein favoritt! Så herleg retro, får ordentleg 70-tals kjensle! :D
Legg igjen ein fin tanke