Som eg koser meg med å lese desse bøkene! Det heile starta då eg lånte TV-serien All Creatures Great and Small på DVD på biblioteket for sånn to år sidan. Altså, den gamle serien, den som starta i 1978. Og plutseleg fann eg jo ut at dei skulle lage ny med blant anna Samuel West og Callum Woodhouse i to av hovudrollene. Eg har endå to episodar igjen av andre sesong som eg ikkje har sett, for eg har prøvd å ikkje sluke alt på ein gong, berre kose meg med å verkeleg ha tid til å beundre dei herlege karakterane og det nydeleg landskapet. Som om ikkje seriane var nok, fann eg plutseleg den fyrste boka på norsk i ei byttebokhylle på jobb. Las den og byrja rett på bok nr. to, It Shouldn't Happen to a Vet (som eg las i utgåva All Creatures Great and Small som inneheld både bok nr. ein, If they Only Could Talk, og nr. to). Under kan du lese eit par sitat frå dei to fyrste bøkene, James Herriot kunne det med å skrive vittig og så detaljrikt at eg blir dratt med rett tilbake til den engelske landsbygda: "Foran oss strakte den grå landsbygaten seg uten et menneske, på
vesthimmelen sluknet de siste røde stripene etter solnedgangen. Omkring
oss ruvet de høye åsene. Det var nesten vindstille, bare et mykt drag
kom fra de stille heiene, med en ange av lyng og jord i seg. Mellom
husene var det overalt en herlig duft av vedrøyk." (s. 158, Om folk og andre dyr)
"Etterpå nøt jeg situasjonen. Jeg kan ikke huske noe annet i min karriere
som har gitt meg større glede enn å stå der i oksebåsen og rette
vannstrålen, den livsreddende vannstrålen, mot et dyr som nøt den i
fulle drag. Den likte best å få vannet i ansiktet, og når jeg arbeidet
meg fremover fra haleroten over den dampende ryggen, snudde oksen på seg
og strakte seg for å få strålen rett i nesen, mens den glippet
lykksalig med øynene." (s. 180, Om folk og andre dyr)
"As we left the barn the sunshine and the sweet warm air met us like a
high wave. I turned and looked across the valley to the soaring green
heights, smooth, enormous, hazy in the noon heat. Beneath my feet the
grassy slopes fell away steeply to where the river glimmered among the
trees." (s. 311, All Creatures Great and Small)
Bøker som får ein til å både le og gråte, som får ein til å bli ein del av eit univers, som eg liker det. Det same gjelder TV-seriar eller filmar. Magi fekk eg på tysdag då eg såg Fantastic Beasts: The Secrets of Dumbledore på kino med ei av mine beste veninner. Og dagen før var det tårer, latter og song då eg hadde ei anna veninne på tebesøk og filmen tick, tick...BOOM! av og om Jonathan Larson, mannen bak den besteste musikalen Rent. Hygge med fine folk! Hygge blir det nok også på hytta, og eg gleder meg til å ta fatt på bokhaugen, bli dratt inn i nye univers og nye eventyr.
Legg igjen ein fin tanke