Litt annleis veke sidan den kollegaen eg jobbar på skift i lag med, har vore på ferie, noko som vil seie at eg har hatt hovudansvaret i lag med tre vikarar kvar kveld (og heile helga). Stort sett har det gått greitt, men eg kjenner det litt i hovudet no. Både i går og i dag har det vore full rulle med folk som ønskja å bade, og me måtte faktisk halde billettsalet stengt innimellom. Puh. Samstundes har det vore ei bra veke der han fine og eg var ute og åt varm lunsj to dagar i samband med "100-ugå", eller "Spis for 100" som det eigentleg heiter. Bøker og kaffi er alltid ein del av veka mi, inga overrasking der, og så har det vore ein god del anna som de kan sjå i lista mi rett under:
✦ koseleg atmosfære på restauranten Olive Tree midt i byen
✦ hi, hi, denne raude pandaen som elskar kjeks
✦ kul måke midt oppå Alexander Kiellands flosshatt
✦ bokhylleomvisning inne hos Beatrice, alltid kjekt å sjå og lese om bøker
✦ snøklokker, like vakre år etter år
✦ sjå eit par episodar av The Great British Bake Off
✦ knallgod laurdagspizza i lag med mannen min og broremann
✦ orkesterøving i Sandnes, byrjar å bli bra (me skal ha konsert om ei veke)
✦ endå ein ny vlog frå Jonna
✦ Ayesha at Last, ein herleg, moderne vri på den kjente Stolthet og fordom
✦ Ranias guide til Olympuskamera og -objektiv
✦ ete god og varm lunsj før jobben på onsdag på Café Bacchus i lag med mannen min
✦ blir alltid i godt humør av å få sollys rett inn i stova
✦ gammal klassikar: Mr. Bean under OL 2012 i London med temaet frå Chariots of Fire
✦ 2019-versjon av The Lion King slår ikkje originalversjonen eller musikalen, men likte den likevel
✦ diggar det å kunne starte kveldsvaktdagane med å drikke litt ekstra kaffi og lese i ei god bok
✦ "Året som gikk" – ein fin, rørande og bra årsoppsummering inne hos Et katteliv
✦ historia fenga meg ikkje heilt, men språket i Om søvn og mørke er veldig bra
✦ komme heim til god middag etter ein travel jobbsundag
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Kjempefin liste Silje ♥♥♥ Ingenting slår den originale Løvenes Konge eller musikalen. Veldig koselig med lunsj med mannen. Og igjen, takk for at du deler ♥ Søndagsklem fra meg.
Hugsar framleis kjensla av ordentleg gåsehudfaktor då me såg den musikalen i London! For ei oppleving, rett og slett :D
Legg igjen ein fin tanke