12. feb. 2020

Little Women



Historia er velkjent, Louisa May Alcotts roman Little Women frå 1868 er filmatisert mange, mange gongar, boka er gitt ut i like mange versjonar og utgåver. Sjølv hugsar eg godt at me hadde denne utgåva heime, ein noko forkorta Småfrøkner, men det er no eit kjært barndomsminne. Det er ikkje meir enn tre år sidan det blei laga ein miniserie om søstrene Jo, Meg, Amy og Beth, og eg hugsar eg likte den. Eg har også sett 1994-versjonen, men eg må seie at den eg såg no i kveld med ei god veninne, er nok den eg kjem til å hugse best. Regissør Greta Gerwig har i mine auge gjort ein kjempejobb i å få fram den nydelege historia, og sjølv om Jo er den som ber forteljinga og sånn sett er hovudpersonen, får alle søstrene scenetid. Med namn som Saoirse Ronan (Atonement og Brooklyn), Meryl Streep, Emma Watson og Timothée Chalamet, er dette ein film fylt med mange gode skodespelarar. Alexandre Desplat har komponert musikken, akkurat slik han har gjort til andre av mine favorittfilmar som Moonrise Kingdom, The Grand Budapest Hotel, Kongens tale og dei to siste Harry Potter-filmane. Ein hjartevarm film som eg håper du tar deg tid til å sjå.

Legg igjen ein fin tanke