Har du ikkje lese Snøsøsteren, Til ungdommen eller Jenta som ville redde bøkene, har du verkeleg noko til gode. Tekstane til forfattarane (Maja Lunde, Linn Skåber og Klaus Hagerup) er gode, men illustrasjonen til Lisa Aisato gjer at tekstane kjem til live. Eg veit eg har skrytt av illustrasjonane hennar fleire gongar, men eg må berre gjere det endå ein gong. For i Livet – illustrert har ho samla mange av sine gamle og nye teikningar i lag med nokre få ord som får fram bodskapet i bileta. "Husker du at vi badet i sommerregnet? Husker du hvordan sommeren var grønnere, vinteren hvitere og julen helt magisk?". Eg kjenner meg veldig igjen i ho som sit der og oppdagar nye verder gjennom bøker, og paret under paraplyen kjenner du kanskje igjen frå baderomsveggen vår.
"Noen dager ville vi gjøre opprør. Andre dager trengte vi en pappa." Og etter kvart blir me eldre og eldre. Boka les du kanskje på eit kvarter, for det er lite tekst, men det er ei bok du kan lese om og om igjen. For bileta hennar er så levande, det skjer noko med meg når eg ser fargerbruken hennar, måten ho fangar augeblikk på, alt det skjøre, vakre, triste og flotte med livet. Livet slik det er.
Legg igjen ein fin tanke