3. feb. 2020

Gårdsdagens lille gåtur

Så er det kanskje litt vel tidleg å byrje å sjå vårteikn ute i naturen, men eg blei no uansett veldig glad då eg såg dei nydelege snøklokkene oppe ved Ullandhaug økologiske gård. Me var nemleg på tur opp dit i går, for ute var det strålande sol og knallblå himmel (i alle fall i vårt nærområdet, skyene var grå over mot Ryfylke). Vintervêr på sitt beste, me måtte faktisk ha på oss solbriller!


Oppe ved garden såg me sauer, grisar og miniponniar. Sistnemnde tok eg såpass mange bilete av at eg tenkjer dei skal få eit eige blogginnlegg ;) Joda, me har helst på desse dyra før, men dei er litt søte kva dag som helst likevel. Grisane grynta, sauane låg der stille, og ein annan plass ikkje langt unna garden trefte me også på eit esel. Akkurat passe sundagstur :) No i dag har det derimot vore grått med ein god del regn. Då er det godt å ha herlege komiseriar og ein bra haug med bøker.

Legg igjen ein fin tanke