2. feb. 2020

Herlege dyr og ei sundagsliste

Ler litt av meg sjølv, for dei aller fleste sundagslistene opnar med bilete av ei bok eg nyleg har lese ;) Men sidan eg er ein bokelskar er det ikkje så rart at det blir slik; bøker har alltid vore og vil alltid vere ein stor del av livet mitt. Veka starta annleis, for heile måndag og halve tysdag måtte me halde hallen stengd pga. tekniske problem. Dimed blei det meir tid til anna arbeid, noko du kan sjå på det eine biletet av meg. Ha, ha, må berre le endå meir av meg sjølv! Me har høyrt på god musikk medan me har vore badevaktar, littegrann lesing kvar dag (for eg må innrømme at eg er noko trøytt når eg kjem heim etter ei morgonvakt), sett kulaste Eides språksjov og hatt ein koseleg heimedate. Han fine og eg var på besøk fredag etter jobb hos to av mine kollegaer. Kjempebra stemning, god mat, kule høner, brettspel, latter og mykje prat! Sundagen er snart over, men eg har no fridagar til før det er kveldsskift på onsdag. Ikkje lenge til Maestro, aller fyrst mange kjekke punkt:

✦ trur eg har lese alle bøkene som Rowell har skrive, og eg likte også novella Kindred Spirits
✦ sykle til og frå jobb i nokså bra vintervêr
✦ stilige nybygg i midt i sentrum
✦ kjempemange flotte og fine bruktkjøp i dette blogginnlegget hos Vardagskonst
✦ hi, hi, eit litt artig bilete frå ein variert jobbdag
✦ date med mannen min der me las høgt alle lappane frå minneglaset
✦ gleder meg til å sjå teaterkonserten "Tønes" på Rogaland teater om halvanna veke
✦ hjelpe broren min med flytting i går, han leiger no ei leilegheit rett opp frå gata vår
✦ utruleg historie om skroget frå DS Finnmarken som i mange år stod ute i ein nederlandsk skog
✦ brukte lang tid på å komme inn i den, men A Ladder to the Sky er verkeleg ei bra bok
✦ god treningsøkt då me hadde eigentrening på torsdag
✦ har sikkert delt denne før, men la gå: så mange herlege, nusselege og sjarmerande koalaar
✦ veldig kjekk orkesterøving på tysdag
✦ gå tur opp til Ullandhaug i lag med mannen min og broremann der me helste på ein søt minifole
✦ vlog nr. 36 frå Jonna, er ordentleg inspirerande å følgje hennes liv og kvardag
✦ sjå liveversjonen av Jesus Christ Superstar (2018) på NRK Nett-TV, og den overraska positivt
✦ sjekk ut Synne sitt blogginnlegg med bilete frå Sporveismuseet
✦ helse på dei fine hønene og sjå dei blå egga som hønene legg
✦ lage knallgod pastasalat, prate mykje og spele "Party Alias" i lag med dei same to kollegaene

Legg igjen ein fin tanke