28. feb. 2018

Vinter ved Moslivatnet

Greitt at eg ikkje er veldig glad i snø, men å sjå eit landskap som dette må vel seiast å vere fint likevel. Me var rett og slett superheldige med vêret då me var på hytta i helga. I alle fall på fredagen med knallblå himmel og solskin overalt. Snøen glitra og hytta lyste opp det kvite landskapet med den raudbrune fargen. Nokon hadde vore utpå vatnet med spark. Vinter på sitt aller beste.


Min betre halvdel fann eit skipar i bua, så utpå føremiddagen på fredag la han i veg på vatnet med ski på beina. Isen var jo såpass tjukk at ein trygt kunne ta ein skitur utan fare for å falle gjennom.


Ikkje like fint vêr på laurdag, men trass i eit par mørke skyer og mykje vind, var det bra nok til at me tok turen ut alle fire. I bua i hytta har me fire trugepar og det var jo akkurat passe denne helga. Ingen av oss hadde prøvd truger før, så det var ei ny og artig oppleving for oss alle. Å kunne spasere på vatnet og sjå området frå ein ny vinkel synest i alle fall eg var moro. Spora etter oss kunne jo gå for å vere den avskyelege snømannen ;) Alle var blide, solbrillene var på og jaggu meg var det blå himmel då me snudde oss for å traske tilbake til hytta. Tar med glede ein slik trugetur igjen.


Skulle så gjerne ha vore endå litt lenger på hytta. For dette synet møtte oss sundag føremiddag. Eit vakkert vinterlandskap, kvitt overalt bortsett frå den knallblå himmelen. Hyttetur 

Legg igjen ein fin tanke