7. feb. 2018

Beina fatt til jobb

Stas å sykle til jobb etter nokre veker med snøføre og ein sykkel til reparasjon. Stod opp i dag, og ute var det jaggu meg kvitt. Såpass kvitt at eg lot sykkelen stå. Kjipt, men vêret får ein ikkje gjort noko med (og når ein bur i Stavanger, må ein rett og slett vere førebudd på at vêret skiftar før ein aner det). Men sidan eg skulle ha seinvakta på jobb, hadde eg passe med tid til å gå til jobben i staden for å busse. Heilt kvitt og med eit hint av blått rundt Mosvatnet då eg traska i veg. Kjekk dag på jobb med blant anna lesestund, klargjering av nye bøker og ommerking av filmar. No i kveld blir det franskøving, te og til slutt det supre programmet Eides språksjov med Linda Eide i spissen.

Legg igjen ein fin tanke