21. feb. 2018

Åtte herlege bøker i ein og same serie

Tidleg i fjor las eg Anne fra Bjørkely for fyrste gong. Eg veit det er ei barnebok, men eg storkoste meg likevel med alle detaljane, frå den dagen Anne kom til Bjørkely og livet til Marilla og Matthew blei snudd på hovudet. Som nemnt i dette blogginnlegget, las eg også boka på engelsk før året var omme. Sidan eg jobbar på eit bibliotek, har eg jo veldig lett tilgang til bøker og det er sjeldan eg kjøper nye bøker. Men eg bestemte meg etter kvart for å lese alle bøkene i serien om Anne Shirley og dei har dei ikkje overalt på biblioteka. Så eg kjøpte alle dei åtte bøkene på engelsk via Book Depository, seks frå Simon & Schuster som ein del av klassikarserien frå Aladdin og dei to siste frå Arcturus Publishing. Gleder meg til å lese ei og ei, følgje Anne frå barn til ungdom til vaksen.

 



Alle bøkene har dei vakraste forsidene i fine fargar. Omslaga på bøkene i Aladdin-serien er utforma av kunstnaren Julene Harrison (for nokre fantastiske små kunstverk utskore av papir) Anne of Windy Poplars og Anne of Ingleside er utforma av Geraldine Sy. Vanskeleg å finne alle åtte samla i ein serie med slike forsider som desse, men sjølv om det er frå to ulike forlag, synest eg dei passar flott saman. Den fiktive plassen Green Gables ligg ute på Prince Edward Island der også forfattaren Lucy Maud Montgomery blei fødd. Øya ligg berre ein liten køyretur unna Moncton, så eg må vel innrømme at det er ein annan grunn til at eg no har bestemt meg for å lese all bøkene ;) For gjett om eg skal besøke øya og ta ein tur innom museet, sjå denne musikalen og berre oppleve PEI!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Utrolig fine utgaver! Jeg har planer om å lese Anne fra Bjørkely, men har ikke kommet så langt enda. Jeg tenker at det noen ganger er fint å ha enkelte bøker/serier stående i bokhylla si hjemme - selv om man kanskje kan få tak i bøkene på biblioteket. Litt stas å ha fine bøker i bokhylla, spesielt hvis det er bøker man liker godt ^^

Silje sa...

Desse utgåvene er rett og slett kjempefine og det er difor ikkje så altfor ille å ha dei i bokhylla ;) Eg liker dei i alle fall veldig godt sjølv om eg ikke har vakse opp med serien. Og så klart: biblioteket er alltid ein fantastisk plass <3

Legg igjen ein fin tanke