25. feb. 2018

Truger, ein blå himmel og ei super helg

Ingen tvil om at ei langhelg på hytta oppe ved Moslivatnet er denne vekas høgdepunkt. Vêret var verkeleg på topp med sol, knallblå himmel, glitrande snø og vakker solnedgang. Og ikkje minst var me i lag med eit venepar, og me hadde det superkoseleg. Tidlegare i veka var det for det meste jobb, men eg har samstundes kost meg med gode bøker, nydeleg vêr (tenk at no er våren snart her) og ei kjekk orkesterøving med nytt program. Han fine og eg reiste opp til hytta torsdagskveld, og då var det tre plussgradar inne og ni minus ute. Så ja, me brukte ei stund på å varme opp hytta, men det kom seg heldigvis etter kvart. Elles har det vore mykje lesing, quiz, brettspel, alle fire prøvde truger for fyrste gong, god mat, høyrt på radiokanalen P9 Retro, prata mykje og verkeleg slappa av. I kveld blir det endå meir lesing og kanskje litt Mindhunter. Ei lita liste med fine punkt frå denne veka:

✦ gå på truger over Moslivatnet, ein fyrste gong for alt
✦ sesongavslutninga i Cold Feet, gjett om eg felte nokre tårer
✦ liggje foran peisen med ei bok den fyrste kvelden på hytta
✦ ete middag ute på tysdag før orkesterøvinga (for det var den såkalla "100-ugå" i Sandnes)
✦ i tillegg ein god latte frå Coffeeberry og litt lesing i ei bok rett før sjølve øvinga
✦ sola som skein så fint på Sølvberget då eg var der på jobb ein av dagane
✦ nytt program på orkesterøving, for 8.april blir det ønskekonsert
✦ tinge togbillettar til ei god veninne i april
✦ artig at Anne of Green Gables blei nemnt i ein episode av Grace & Frankie
✦ den knallblå himmelen over dei snødekte fjella
✦ at nokon kan danse slik på isen, og med musikk frå Riverdance blir det ikkje betre
✦ sykle til jobb i sol som lagar lange skuggar og med eit tynt frostlag på graset
✦ svanene i Breiavatnet som passar på egga sine
✦ så vårleg når sola skin midt i byen (også dette ved Breiavatnet)
✦ at me alle fire hadde kvar vår bok å lese medan me var oppe på hytta
✦ sjå den fyrste episoden av det nye programmet til Ylvis: Stories from Norway

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så mange fine bilder! Været er så nydelig for tiden, og det ser ut til at dere var heldige med været på hytteturen. Vinteren er virkelig på sitt vakreste når sola skinner og snøen ligger som et teppe over landskapet. Kanskje litt klisjé, men hallo, vinteren kan være så tung ellers, så det er godt med fint vær. (Men jeg kjenner jeg gleder meg litt til snøfritt landskap og vår også.) Håper du får en fin uke, Silje! <3

Silje sa...

Takk, besteste Ida! Sjølv om sola skin ute her hos oss i dag, byrjar eg å kjenne at no er det nok vinter. Eg lengtar etter våren så veldig, veldig. Men at dagane blir lysare og lengre er det ingen tvil om, og det gjer vinteren eit hakk lettare. Og den turen opp til hytta var berre så herleg, akkurat det me trong :) Ønskjer deg også ei flott veke <3

Legg igjen ein fin tanke