11. feb. 2018

Herleg bok og ein finfin sundag

Kanskje ikkje så mange bilete denne veka, men det likevel vore ei bra og fin veke. Dagane har gått fort med nokre ekstravakter på jobb i tillegg til helgejobbing. Noko av det kjekkaste har vore å verkeleg kose meg med Fremdeles meg, den siste boka av Jojo Moyes om Louisa Clark og hennar eventyr. Einaste er at eg gjerne kunne ha lese tre bøker til i den serien. Sidan eg jobba i går, har også helga gått fort, men me avslutta den på topp med mamma og pappa på lunsj- og kaffibesøk. Morsdag og fastelavn går jo som hand i hanske ;) Og med det er det på tide å poste sundagslista:

✦ storkose meg med kaffi og boka Fremdeles meg
✦ er jo ein draum å sitje på ein kafé eller bar som alle har bøker til felles
✦ ha på meg ullgenseren med dei fine blomane på jobb
✦ ei tidlegare klasseveninne skriv veldig bra om det å bruke mindre plast og leve meir minimalistisk
✦ gå til jobb ein av dagane då det låg eit lite lag med snø rundt Mosvatnet
✦ fordi eg sjølv har vore den jenta som følte at ingen bukser passa
✦ TTT – ting tar tid – men å lage eit lite album frå bryllaupsfesten vår
✦ tøff, nydeleg og rørande adopsjonshistorie inne hos The Larson House
✦ halde fram med å øve på fransk med Duolingo og Cofffee Break French
✦ "Bohemian Rhapsody Goes To The Movies" – kul versjon med mange filmreferansar
✦ dagslys inn gjennom dei store takvindauga på jobb
✦ humorprogrammet Hit for hit på NRK Nett-TV
✦ småhumra for meg sjølv då eg såg dette Donald-kartet over "Stavander"
✦ gjere i stand til boksal på jobb
✦ er så einig med Julianne om det å ha personlege ting i heimen, ting som verkeleg betyr noko
✦ høyre meir på det nyaste albumet til Glen Hansard
✦ den søtaste hunden eg har sett på lenge
✦ gode kveitebollar med vaniljekrem i samband med fastelavn og morsdag

Legg igjen ein fin tanke