19. feb. 2018

Vaulenturen

På laurdag var det endeleg såpass bra vêr at det gjekk an å gå ein lengre tur. Det har jo vore veldig av og på med snø og regn, men laurdag var sola framme. Kaldt var det, men med ull, hanskar, lue og ei god turjakke var det ikkje eit problem. Me sykla bort til Sørmarka der sjølve turen starta. Denne gongen hadde me bestemt oss for å gå kvardagstur nr. 28, nemleg Vaulenturen. Å gå forbi ein lyktestolpe som denne gjer meg alltid litt ekstra glad, for i mine auge er det så Narnia-aktig.


Veit ikkje om eg nokon gong har vore ute ved Vaulen badeplass, men ruta tok oss med dit og der trur eg nok me kjem til å gå ein gong det er sol og sommar. Eller eit hakk varmare. Flott område med fleire sitjeplassar, leikeapparat ute i sjøen, sand og grasplen. Det var for kaldt til å sitje lenge, men litt kaffi og mat tok me oss tid til (og den kaffien fekk i alle fall meg til å smile stort).


Jærbanen såg me også langs ruta. Tar ikkje den så ofte, men for de som kjenner meg, veit de jo at eg alltid set pris på ein togtur, anten det er til Oslo eller mellom Berlin og Praha. Flotte hus og hagar mot ein blå himmel er alltid noko å fange på film. Før me traska tilbake til Sørmarka, var me ein snartur innom Hindalsdammen. Ikkje så stort, men fint der likevel. Kom oss til slutt til syklane og sykla heim til litt husarbeid, bok, franskøving og film. Slike turar er rett og slett gull!

Legg igjen ein fin tanke