9. feb. 2018
Ny musikk rett før helga
Glen Hansard er ute med med nytt album. Eg lurte ei stund på om eg skulle kjøpe det eller ikkje, for eg må innrømme at no når Spotify er så tilgjengeleg, kjøper eg sjeldan CD-ar. Men det er jo eit eller anna ved å ha noko fysisk i staden for å "berre" ha det på dataen. Det forrige albumet som kom ut i 2015, har eg også i eit fysisk format, så eg enda opp med å også kjøpe det nyaste albumet, Between Two Shores. Har foreløpig høyrt gjennom det ein gong, og eg liker det. Didn't He Ramble, hans forrige album, er noko meir rocka og variert. Det nye albumet er roleg og litt melankolsk der mange av songane er om kjærleik og samlivsbrot. Kanskje er det klisjé og når det gjeld samlivsbrot, er det ikkje akkurat der eg er i livet. Likevel – Hansard har ei stemme eg aldri blir lei. Det er godt å setje meg ned ein kveld med den nye CD-en og eit stearinlys medan det er mørkt og regntungt ute.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke