26. feb. 2018

Quiz, ro og hygge på hytta

Sola skein inn på veggen då me vakna på hytta fredag morgon. Det var rett og slett herleg, berre nyte solstrålane med ein kopp kaffi og ein bit sjokolade. Ein morgon utan stress eller støy, langt oppe på fjellet. For som eg har nemnt nokre gongar før: det er noko eige med fjellroa.


I løpet av helga blei det ein del quiz, vel å merke ikkje alle spørsmåla i bøkene på bileta over. Sjokolade er også eit viktig element når ein er på hyttetur. Om kvelden tende me parafinlamper og stearinlys, og me hadde ei bok som me slappa av med innimellom trugegåing, brettspel og prat.


Den eine kvelden spelte me "Kortskalle" og ein annan "Bezzerwizzer". Å spele eit artig spel saman med fine folk er alltid like kjekt, men kanskje endå kjekkare når ein ikkje har nett, TV eller anna som forstyrrar, når ein har levande lys inne og det er stummande mørkt ute. Hyttekos de luxe!

Legg igjen ein fin tanke