25. sep. 2017

Hausttankar

Hausten er rar. Eg veit at eg mange gongar har sagt at hausten ikkje er min favorittårstid, og det står eg ved framleis. Men med dagar som dette, der temperaturen er på rundt tjue grader, sola skin og fuglane kvitrar, då er det likevel noko magisk også med denne tida. Og kvart år er dei fargerike blada på trea rundt omkring i nabolaget like vakre. Me traska ein roleg tur rundt Mosvatnet i går, og sjølv om sola ikkje stod høgt på himmelen, var det varmt i lufta. På mange av trea heng det framleis små, fine og grøne blad. Dagar som dette er gull verde, då kjenner også eg at hausten er bra. Den er jo til og med fin. Berre nokre små tankar og observasjonar ein måndag i september.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jeg har alltid vært glad i høsten, det er noe magisk med denne årstida. Temperaturen har vært ganske høy her også, og det vet jeg ikke om jeg liker. Liker sola, men ikke at det er sommertemperaturer. De kunne ha kommet i juni/juli/august i stedet. Men selvfølgelig, man nyter det jo likevel. Det er lite man kan gjøre med det og da er det beste å bare glede seg over det ^^

Silje sa...

Vel, eg er jo einig i at det helst skulle ha vore slik temperatur i sommar, men samstundes er det jo godt å få kjenne litt på den no. Med alle fargane og den friske lufta som kjem med hausten, er det noko magisk med det heile, det har du heilt rett i ^^ Eg synest berre at det er tungt når regnet dett ned, det blir mørkare og mørkare og ikkje minst kaldare i vêret. Men eg skal prøve så godt eg kan å kose meg med te, stearinlys og bok – det pleier no å hjelpe litt på veg ;)

Legg igjen ein fin tanke