19. sep. 2017

Grøne område med vassliljer og eit artig møte

Snart er det av garde til Wien. Tilbakeblikk frå turen i sommar altså, sjølv om eg gjerne kunne tatt ein ny tur til Wien no ;) Fyrst er det dei siste bileta frå den tsjekkiske eventyrbyen. Som nemnt tok me det ganske med ro då me var i Český Krumlov. Traska og såg oss rundt i vårt eige tempo, prøvde å oppleve byen utan å gå inn i dei store turistflokkane. Byen har til og med ei utandørs teaterscene som kan roterast ("revolving theatre"). Såg det dessverre ikkje i bruk, men likevel stilig å sjå scena og den vakre bygninga rett ved. Var også innom kyrkjegarden og ein tur bortom byporten.


Grøntområde var det nok av, både ved slottet og nede i sjølve bykjernen. Så knallsterke fargar på blomane, og heilt i enden av slottsparken, fann me oss ein benk, lot beina kvile, stirra ut på det lille vatntet der det var fullt av vakre vassliljer. Seinare på dagen sette me oss ned på ein annan benk i ein annan park, las i kvar vår bok og plutseleg var det ein hund som ville at me skulle kaste ein pinne, fram og tilbake, fleire gongar. Eit artig møte! Neste by kjem om ikkje altfor lenge.

Legg igjen ein fin tanke