18. sep. 2017

Vålandsparken v9

Måndag er her, ei ny veke er i gong, og sidan me no er midt i september, er det på tide poste denne månadens blogginnlegg med bilete frå Vålandsparken. Det er framleis mykje grønt på trea, men det byrjar å bli færre blad på dei og meir blad på bakken. Lyset har forandra seg, og ein stad var det knallgule blad på greinene. Alle fargane om hausten. Enkel, men likevel så fin kvardagsglede.

Legg igjen ein fin tanke