23. sep. 2017

Frå Tsjekkia til Østerrike og eit veldig bra hotell

Kva har ein togtur og eit vaskeri til felles? Lite, men rett etter at me hadde tatt toget frå Linz til Wien, om ein ser bort frå at me stakk innom hotellet og la frå oss tinga våre fyrst, var det rett av garde til eit lokalt vaskeri for å få vaska ein god del av kleda våre. Puh. Det blei ei lang setning. Fann forresten ut at det er på dagen tre månadar sidan me drog frå Český Krumlov og i retning Wien. Tida går (som vanleg) fort! På grunn av liten margin med tanke på togbytte, tok me buss frå den lille byen til den østerrikske byen Linz og tog vidare frå Linz til Wien. Me var førebudd på å gå eit stykke frå der bussen slapp oss til togstasjonen i Linz og det stemte: blei nesten ein halvtime å gå i klamt vêr. Vel framme ved togstasjonen skulle det gå eit tog om ti min., og me kom oss på, litt slitne og klamme. Men det blei ein fin tur med toget, og så var det veldig godt å få vaska noko klede.


Hotellet med budde på i Wien, var nok den finaste plassen me overnatta på i løpet av Interrail-turen. Namnet på hotellet er Boutiquehotel Stadthalle Wien, eit hotell med fokus på økologisk mat og smarte løysingar. Rommet var enkelt, reint og fint med fiffig romløysing, og kvar dag fekk me kvart vårt eple som me kunne ha med som ein del av lunsjen. Det lille ekstra, altså. For ein bokelskar som meg, berre måtte eg ta eit bilete av dette stilige bordet. Inspirasjon til nytt bord?! Og sjekk ut klokka og dei fine meldingane som kvar dag dukka opp på veggen inne i heisen.


Finaste bakgarden! Eg kunne godt dratt tilbake no berre for å sitje ute i bakgarden med ein smoothie om kvelden eller med god hotellfrukost om morgonen. Rett og slett ei kjempefin oppleving som verkeleg gav oss eit ekstra godt inntrykk av byen. Av dei byane me besøkte, er det nok Wien og Budapest som gav oss ei kjensle av å dra tilbake for å oppdage endå meir. Kanskje hadde det litt med at me byrja å bli slitne og ikkje orka å sjå alt på ein gong, men likevel.

Legg igjen ein fin tanke