9. sep. 2017

I ein liten og koseleg tsjekkisk by

Český Krumlov har sidan 1992 vore på UNESCOs verdsarvliste. Må nok påstå at det var mange turistar på liten plass, men me fekk no likevel sjå dei vakraste sidene ved byen. Ikkje for det – det bøtta som nemnt ned då me ankom byen, noko som fortsette heile den fyrste dagen. Men litt regn skremmer ikkje oss nordmenn ;) Etter å ha lagt frå oss tinga våre på hotellet, traska me bort til det koselege, lille torget, titta opp mot slottet og byrja etter kvart å gå opp trappene til nettopp slottet.


Om ein ser nøye på det øvste biletet, kan ein sjå korleis regnet bøtta ned og laga store dammar. På eit vis var det litt sjarmerande. Rundt byen snor elva Vlatava seg (Moldau), og ein kan faktisk rafte på store delar av den. Me var nok ikkje så tøffe, men eg skal innrømme at det såg litt gøy ut. Koseleg kafé rett ved elva og små, fine glasmåleri ved trappa på veg opp til slottet; for ein flott by!


Eit par bilete av hotellet blei det jo også. Me budde på Hotel Konvice, eit koseleg familiedrive hotell ikkje langt unna torget. Rommet var stort og flott, og klesskapet minte meg om det frå Narnia. I løpet av dei dagane me var der, var me no litt turistar der me beundra alle dei flotte bygga, poserte innimellom, og som dei fleste andre, prøvde me ut den tsjekkiske spesialiteten trdelník med god is. Sjølv om var i byen berre for to netter, fekk me sett ein god del, me fekk slappa av, akkurat slik ein ferie skal vere. Slottet blei utforska og me var også på fotomuseum, men det tar me neste veke.

Legg igjen ein fin tanke