Haustfargar, haustkos, haustforkjøling. Det er den tida av året, og no i helga har eg vore noko slapp fordi eg har klart å bli forkjøla. Satsar på at det verste er over til neste helg, for då er det musikalar på rekkje og rad (okei, to) i Oslo. På jobb denne veka har det vore Kapittel-festivalen, og sjølv om eg ikkje kom meg av garde på mange arrangement, fekk eg med meg nokre i og med at eg var arenaansvarelg på tre arrangement. Me har også denne veka vore sosiale samstundes som me har fått slappa av med liten gåtur og etterpå kvar vår bok. Einaste er at helga blei punktert på grunn av forkjølinga, men, men. Håper i alle fall at di helg har vore topp. Over til sundagens høgdepunkt:
✦ måtte berre stoppe opp for å ta bilete av det knallraude bladet rett etter regnet
✦ haustlista inne hos Julianne fekk meg til å stoppe opp og reflektere
✦ biletet er nokre veker gammalt, men lese ut Auggie & Me, ei bok i same universet som Wonder
✦ høyre på Sesong fire, det nye albumet til Tønes (les meldingane her og her)
✦ klippe håret
✦ tenk å komme på ein idé om ein "bustad" som denne
✦ har endå ikkje lese Napoli-kvartetten, men det er ingen tvil om Ferrante kan skrive
✦ 2CELLOS sin versjon av kjenninsmelodien frå Love Story
✦ vere arenaansvarleg på tre Bokmerke-arrangement på litteraturfestivalen Kapittel
✦ hygge om kvelden med stearinlys, te og bok
✦ for eit fantastisk hotell på Gotland
✦ heie fram folk under Mosvannsløpet
✦ veldig bra fredagskveld med kjekke folk der det blei god mat, mykje prat og latter og litt brettspel
✦ "Top 10 Colin Firth Performances"
✦ dei fantastiske haustfargane på trea ikkje langt unna oss
✦ kult å bli sitert inne hos Bokreisen
✦ nok ein gong knallfine hortensiaer – for ein blåfarge
Legg igjen ein fin tanke