10. sep. 2017

Bøker, bokhyller og besøk av ein fining

Sundag ettermiddag. Om ikkje altfor mange timar er det på'an igjen med ei ny veke. Det skjer ikkje så mykje nytt her hos oss, men at dagane går over i kvarandre i fykande fart fordi det skjer ein del, det er sikkert. Med andre ord er det travle dagar, men det er ikkje noko nytt det går i ;) Han held på med phd-graden, er på fotballtrening, eg fyk frå Madla ned til Sølvberget, har ein del ekstravakter. I tillegg prøver me å vere sosiale innimellom. Ikkje like lett når helga kjem og me kjenner på å berre bli heime med kvar vår bok. Men framover har me nokre avtaler med fine folk, og det kjem til å bli gøy og bra. Og når me snakkar om bra: sundagslista denne veka, fylt med mange godsaker:

✦ Wonder  – ei fantastisk flott bok, både morosam, fin og rørande
✦ denne kjensla når du nettopp har lese ut ei fantastisk bok
✦ å ha den pratsame Zalo på besøk
✦ så mange flotte overnattingsplassar inne hos The Landmark Trust
✦ kurs med jobben
✦ og apropos jobb: å få forlenge vikariatet
✦ "Å få nok av å ha meir enn meir enn nok" – gode tankar om det å leve med færre ting
✦ grønt er skjønt, også i regnvêr (regndropar er alltid vakre)
✦ Ida sitt niande blogginnlegg om boktankar
✦ må berre få vise fram den nye og kule bokhylla i barne- og ungdomsavdelinga på Sølvberget
✦ tre bra nettsider der ein kan finne gode og fine illustrasjonsbilete gratis
✦ er ikkje ofte eg tar selfie, men her om dagen tok eg ein som eg synest blei bra
✦ oppdage to fine bloggar: Home by Linn og Heartbeats Blog
✦ den sjarmerande boka Arthurs Peppers makeløse reise
✦ tenk å bu i dette lille, fine og gule huset
✦ "The Importance of Doing Nothing"
✦ ete middag og ha ein kjekk kveld hos Matmagasinet saman med kollegaene frå Madla bibliotek

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Ah, ja, tida flyr virkelig. Her skjer det en del nytt da, men likevel, føler ikke at vi gjør så mye annerledes enn det vi gjorde tidligere. Både fint og vemodig at tida går så fort egentlig. Fin søndagsliste som vanlig, og jeg håper du får en fin uke! <3

Silje sa...

Tida er rett og slett ei rar greie ;) Hi, hi! Håper du får ei kjempefin og bra veke du også <3

Legg igjen ein fin tanke