5. sep. 2017

Togtur i Tsjekkia

Dagen før me reiste frå Praha, var me ein tur innom hovudtogstasjonen for å orientere oss littegrann. Fekk tatt eit par bilete av den gamle delen, og for ein flott togstasjon. 21. juni var me så av garde til ein ny plass. Ingen hovudstad denne gongen, men derimot ein mindre by i Tsjekkia, nemleg Český Krumlov som altså ligg langt sør i landet. Me surra litt med å finne plass ombord på toget, men det ordna seg til slutt. God standard på toget og det var berre å setje oss til rette.


I løpet av turen blei det både gitarspeling (ha, ha, ikkje frå oss om du skulle lure), ein god del lesing og me fekk slappa av. For å komme oss til Český Krumlov, måtte me bytte tog, og det gjorde me i byen České Budĕjovice. På stasjonen hadde me elleve minutt på å finne riktig tog og finne ein plass å sitje, men det gjekk overraskande greitt. Litt dårlegare standard på dette toget, eit lokaltog, men ikkje slik ein ser i filmar der det er stappfullt med mat, dyr og kaklande damer overalt ;)


Me måtte dele kupé med ei gruppe frå ein klasse, og med tanke på kor mange det var i den alderen på toget, var det nok ein klasse eller to som var på skuletur. Dei gjekk av på alle små stopp undervegs langs ruta, og sjølv om eg ikkje veit at dei faktisk var på skuletur med overnatting og heile pakka, trur eg dei hadde det moro. Me hadde etter kvart kupéen aleine, såg ut av vindauget og plutseleg var me framme i Český Krumlov. Frå togstasjonen og ned til sentrum er det eit lite stykke. Sidan det striregna akkurat då me ankom stasjonen, enda me opp med å ta ein taxi frå A til B. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

VilfaFoto sa...

Åh, det er så deilig å reise!
Elsker bildet ut av togvinduet!!

Silje sa...

Å få oppleve både nye og gamle plassar er like fint kvar gong :) Og togtur er ei heilt eiga greie! :D

Legg igjen ein fin tanke