6. sep. 2017

Mosvatnturen

Sjølv om me har gått rundt Mosvatnet mange gongar, var det fyrst no på sundag som var at me gjekk den turen som kommunen har kalla Mosvatnturen. Den er jo ein av femtito kvardagsturar (som ein finn her), og turen er på omtrent åtte kilometer. Sola var framme stort sett heile turen, og det var berre nydeleg å vere ute. Fyrst gjekk me rundt vatnet som stort sett er veldig fint bortsett frå der dei framleis held på med Ryfast-prosjektet. Ender, svaner og grøne tre i skjønn harmoni.


Etter å ha gått rundt Mosvatnet, gjekk turen om Tjensvoll, opp til Ullandhaug og faktisk over ein del av marka ved Jernaldergarden. På veg opp til toppen, møtte me plutseleg på eit fint piggsvin. Dei er alltid så skjønne! Oppe på haugen der Jernaldergarden ligg, fann eg denne fine blåklokka og me møtte også på nokre sauer som berre låg der og slappa av, pent og pynteleg ;) Det er heller ingenting i vegen med utsikta der oppe på toppen – er rett og slett veldig glad i den byen eg bur i!

Legg igjen ein fin tanke