Stille her i heimen no. Vår pratsame kompis blei nettopp henta, og plutseleg var det ikkje meir kvitring å høyre. Inntil neste gong ;) Nok ei bra veke er snart over, og den åttande månaden i året er godt i gong. Om ein skal snakke om vêret – slik ein ofte gjer – har det ikkje vore så mykje å skryte av denne fyrste veka i august. Men det har no vore nok opphald innimellom til å kunne sykle til jobb utan fullt regntøy og til å gå tur utan å bli søkkblaute. Eg har jobba, han har jobba, me har slappe av med bok og tur etter middag og Zalo har halde oss med selskap. Ei sundagsliste kjem her:
✦ fortsetje å lese gode bøker, og for litt sidan las eg ut The Light Between Oceans
✦ reise på togtur til desse plassane som har inspirert Disney-filmar
✦ sjå rådyr på veg heim frå Forus i går
✦ hekle lappar og drikke te om kveldane
✦ Anna María med sine Islandstips (får veldig lyst til å dra dit no med det same)
✦ kjøpe nye joggesko til turbruk
✦ ha på ein kjole arva frå mamma ein dag på jobb
✦ dei fargeglade og stemningsfulle bileta frå Danmark inne hos Niina
✦ uvêrsskyene mot den knallblå himmelen
✦ Peter Sellers som (Chief) Inspector Jacques Clouseau
✦ er så kult med slike "usynlege" bokhyller
✦ god tur i Sørmarka der me gjekk forbi Stavanger botaniske hage
✦ kafédate med ei god veninne rett etter jobb på måndag
✦ vakre Harry Potter-tatoveringar
✦ ein slags selfie med Zalo
✦ In a Heartbeat – ein heilt nydeleg og rørande animert kortfilm
✦ oppdage den herlege komiserien Grace & Frankie
✦ Zalo som syntest at dataen til mannen min var ganske artig
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Synes disse søndagslistene dine er så fine, Silje :) Håper du får en fin uke <3
Fine Ida! Tusen takk! Veldig kjekt å lage dei også, og det er då ein ser kor mykje bra som har hendt sjølv om noko kanskje virker "smått og uviktig". Ønskjer deg også ei superbra veke <3
Legg igjen ein fin tanke