24. aug. 2017
Ein magisk solnedgang over den tsjekkiske hovudstaden
Eg fortalde jo i dette blogginnlegget at me ein av kveldane i Praha fekk oppleve ein heilt magisk solnedgang. Og her er den, i all si prakt. Me traska bort til Petřín Lookout Tower, eit utsiktstårn på 63,5 meter som kan likne på Eiffeltårnet i Paris. Vel, ein må betale ein liten inngangssum og må i tillegg gå opp 299 trappetrinn, men det er så absolutt verdt det! For ei utsikt og me var maks heldige med vêret! Eg skal innrømme at me var slitne etter å ha gått alle trappetrinna, men det gjorde denne solnedgangen eigentleg endå meir magisk enn det den allereie var. Sukk, eit minne eg kan tenkje tilbake på når det er grått ute, når eg har ein tung dag, i mange, mange år framover!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke