20. aug. 2017

Sundagsliste: Sunnmørsversjonen

I dag kan eg trygt påstå at det er ein "god, norsk vestlandssommar" ute. Regnet har bøtta ned i heile dag og tåka ligg over bygda. Men eg skal slutte å klage; me har hatt nokre fine dagar her likevel. Og så er det jo noko spesielt med å sitje under eit teppe når det er såpass grått ute, drikke ein kopp med kaffi, lese i ei god bok, sitje i armkroken til den finaste og sjå ein Disney-film saman. Denne vekas sundagsliste er for det meste lasta med fine saker frå desse dagane her på Sunnmøre:

✦ plukke bringebær og lage syltetøy
✦ køyretur ut til Devoldfabrikken på Langevåg
✦ sundagskos med finaste katten, besteste mannen og Disney-filmen Atlantis: The Lost Empire
✦ ein artikkel om historia til filmen Once – tenk at det allereie er ti år sidan den blei gitt ut
✦ starte veka med å sykle til jobb under ein knallblå himmel
✦ lese på flyet, i sofaen, i senga
✦ gleder meg til å sjå filmatiseringa av Rowling sin krimroman The Cuckoo's Calling
✦ kult å få fjernlånt ei god krimbok heilt frå Göteborg (Eld och djupa vatten)
✦ den nydelege solnedgangen over skyene då eg fløy frå Flesland til Vigra
✦ ut til Tomrefjorden på besøk hos nokre korpskjenningar av mannen min
✦ fleire boktankar inne hos Ida med dette blogginnlegget: "Litt om det å skrive om bøker"
✦ godt å kjenne fjellufta då me var på tur til Jutevatnet
✦ diggar interiøret på stamkaféen vår Tante Bruun i Ålesund
✦ kaffi på flyplassen på Sola medan eg venta på at flyet skulle gå
✦ vakre sitat frå barnebøker (nr. seks er frå ei av mine absolutte favorittbøker)
✦ ein tur innom bruktbutikken Kyrkjetorget, sånn som me alltid gjer når me er her
✦ for alltid denne utsikta

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Sommeren 2017 = regn, tror jeg vi sier, og det over hele landet. Høres ut som du har hatt ei fin uke på Sunnmøre! Mye fint på lista di denne uka også. Og atter takk for nok en link <3 Håper uka di blir fin! ^^

Silje sa...

Hi, hi, eg trur du traff spikaren på hovudet der, ja! ;) Me har hatt nokre avslappande og fine dagar her på Sunnmøre, og på eit vis skal det bli godt å komme tilbake til kvardagen igjen i morgon :) Vil få ønskje deg også ei bra veke <3

Legg igjen ein fin tanke