Medan eg har seinvakt på jobb og etterpå fyk rett av garde til orkesterøving, tenkte eg at me tar ein vidare titt på Interrail-turen me hadde i juni. Eg har ein god del igjen å vise, men eg tar det litt pø om pø som eg har nemnt tidlegare. Vår andre dag i Praha såg slik ut: store, flotte bygg (ha, ha, me blei liksom aldri ferdige me å sjå gamle og store bygg, for i kvar by me besøkte, var det mange slike). Midt på dagen fann me vegen til Týnkyrkja der det skulle vere strykekvartettkonsert. Kjempefin oppleving med dyktige musikarar, og kyrkja var litt av eit syn innvendig som utvendig.
Før dagen var omme, blei det ein tur innom det offentlege biblioteket i byen. Aller helst ville eg ha sett Klementinum, men dei har no stengt dei guida turane, og det er dimed ikkje berre berre å komme seg inn. Men med eit kjempekult boktårn i inngangspartiet, er det no likevel eit flott bibliotek. Hyllene ser vel ut som vanlege bokhyller, men diggar merkinga av sci-fi- og fantasybøkene. Ein kjekk barnekrok og glasmåleri i vindauget. Å oppdage eit nytt bibliotek er like spennande kvar gong. Interiøret, lesekrokane, alle bøkene, atmosfæren, det kjente og det ukjemte.
Legg igjen ein fin tanke