Grasenkje denne helga sidan mannen min har reist til svigers på Sunnmøre. Eg skal ikkje klage, for sjølv reiser eg opp på tysdag. Mykje jobb denne veka med arbeidstid frå måndag til laurdag, men stort sett er det berre gøy :) Det har også vore ei sosial veke, noko som gjer godt når ein til vanleg ikkje har så mange av dei nærmaste veninnene i byen. Eg også har byrja å spele litt igjen, lese mykje, vore ute i frisk luft og snart er det atter ein gong måndag. Vekas høgdepunkt i lista under:
✦ børste støv av trombonen, for snart er orkestersesongen i gong igjen
✦ setje av tid til å lese, denne veka også ;)
✦ ei lita geit som hoppar av garde (åh, geiter, dei er alltid like søte)
✦ gå ein totimars tur med ei god veninne der me såg ein flott solnedgang ved Harfrsfjord
✦ og etter turen: fortsetje kvelden med te, kjeks og endå meir prat
✦ dette biletet som viser kvifor "reading is awesome"
✦ å treffe på svanefamilien på ein snartur rundt Vannassen
✦ måtte le høgt av denne videosnutten: Tikamp i sumodrakt
✦ alltid spennande å ta turen ned i magasinet når eg er på jobb nede ved hovudbiblioteket
✦ Camille Grebe og Åsa Träff leverer også i den fjerde krimboka om Siri Bergman
✦ "14 Fantastic Things That Can Happen at a Library"
✦ finne noko å lage til Monthly Makers-temaet denne månaden: klede
✦ vere med ut på fjorden i seglbåt med ei anna god veninne; så heldig med vêret
✦ komme i gong med sesong tre av Poldark
✦ lilla og grønt i skjønn harmoni på veg til jobben
Legg igjen ein fin tanke