Høgdepunktet denne veka må jo nesten vere vår lille date med god middag og teaterbesøk midt i veka. Veka har gått i eitt sett med reisedag på måndag og jobb tysdag til laurdag. Kjenner at det kanskje går litt for fort nokre gongar. Misforstå meg rett: eg tar jo på meg ein del ekstravakter, så eg vel jo dette heilt sjølv, men då blir jo nokre av dagane litt travle. Difor er det også godt å kjenne at me ikkje har ein særskilt plan denne sundagen. Håper veka di har vore bra og at den som kjem blir slik du ønskjer den skal vere. No er det snart bok og litt kaffi, men fyrst ut er sundagslista:
✦ har storkost meg med å lese Den trettende fortellingen, ei bok som har stått i hylla i mange år
✦ fantastiske illustrasjonar av Oamul inne hos Mariell
✦ lese ut den korte, rare boka Venterommet i Atlanteren (og ta bilete av den ved Tjensvollkrysset)
✦ gjensyn med filmen Notting Hill
✦ fotografering med orkesteret; blir spennande og kjekt med fyrste øving på tysdag som kjem
✦ le av Crosswalk the Musical: Hair
✦ og denne: songen "Africa" med "unge" Jimmy Fallon og Justin Timberlake
✦ lakke neglane mine med den kulaste blåfargen
✦ "22 Strong Female Characters In Literature We All Wanted To Be"
✦ sekstitalskjensle med gul og kul kjole frå Gudrun Sjödén og ein grøn cardigan frå Lindex
✦ vakker tekst og like vakkert bilete inne hos Julianne
✦ vere på teater med både latter og tårer då me såg Indianeren; så utruleg bra
✦ eg får jo stadig lyst til å reise med tog når eg ser ein artikkel som denne
✦ ein ny og veldig god middagsrett som me åt før me gjekk hand i hang til teateret
✦ "Småtanker: Nostalgisk tilbakeblikk til en barndom uten iPad og iPhone" – veldig treffande
✦ nok ein Disney-film, og denne gongen var det Moana (eller Vaiana) med mykje tøff musikk
✦ alltid godt med ein sundagstur i Sørmarka, og særskilt no når vêret er bra
Legg igjen ein fin tanke