31. aug. 2017
Endå ein lesehaug
Som så mange andre som er "litt" over gjennomsnittet glad i bøker og glad i å lese, har eg alltid ein haug med bøker som berre ventar på å bli lesne. Akkurat no er i gong med dei tre som ligg øvst, men eg må innrømme at Sett ut en vaktpost går treigt; den var jo faktisk også med i denne haugen og det byrjar å nærme seg tre månadar sidan (ikkje for det, eg har heller ikkje lese Mr. Whichers mistankers enno...). Sett ut en vaktpost går ikkje treigt fordi den er keisam, men som Drep ikke en sangfugl er den skriven i ei anna tid, noko ein merker på språket. Døren bruker eg også litt tid på, og her er det også språket. Veit ikkje om det er tida den er skriven i eller om det er omsetjinga, men mange av setningane flyt ikkje bra for min del. Kanskje er det slik også på originalspråket, kven veit. Eg liker handlinga og boka i seg sjølv, og difor er det synd at måten den er skriven på (eller omset på), øydelegg noko av inntrykket. Men eg kjem til å lese den ferdig nettopp fordi historia om hushjelpa Emerenc fascinerer meg. To bøker som går i kategoriane barn, ungdom eller unge vaksne, er også med. Auggie & Me skal eg lese fordi eg fall heilt for boka Wonder. Royal Wedding er med fordi eg las alle The Princess Diaries då eg var yngre, men sidan boka kom ut for berre to år sidan, visste eg ikkje om den før no. Lykka over å lese ei god bok, altså ♡
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke