Fem favorittlukter
✦ alltid nykverna og nytrakta kaffi
✦ når mannen min baker og det luktar nysteikt brød i heile huset
✦ reint sengetøy
✦ kvitlauk
✦ heimelaga pizza (denne er vel universell?!)
Fem ting eg ønskjer meg
- nye gryteklutar som passar til fargen på kjøkkenet
- fine baderomsmatter
- alle bøkene i Narnia-serien som kan stå i bokhylla her i stova
- ein ekte espressomaskin (men om me har plass eller behov er ei anna sak...)
- sengetøy som står i stil med fargane på resten av soverommet
Fem favorittar i heimen
✦ Scooter-fargen på den eine stoveveggen
✦ den store, knallgule lampa
✦ å endeleg ha ei open kjøkkenhylle der det før var to altfor djupe og stygge skap
✦ teikninga laga av Mary Reynolds som me fekk i bryllaupsgåve
✦ sofabordet i perfekt kvit eikefarge, eit bord me fann på finn.no
Fem ting eg ikkje liker
- badet (det er leveleg, men skulle helst ha gjort noko med det i går)
- lesekroken som eg skulle ønskje var endå meir "bokaktig"
- parkett som er gulna
- at det er noko lytt i blokka
- det ruglete tapetet me finn i kvart rom (bortsett frå på kjøkkenet, for det reiv me tidlegare i år)
Fem planar framover
✦ skulle jo gjere det i år, men vêret har så langt ikkje vore på vår side: gjere balkongen koseleg
✦ fikse badet
✦ olje spisestuebordet i løpet av hausten
✦ dette er på burettslaget si regning, men døra inn til leilegheita skal skiftast om ikkje så lenge
✦ burde nok vaske golv, lister og dører
Synest lista var så fin, så eg lånte den frå Ingvild :) God fredag!
Legg igjen ein fin tanke