7. juli 2017

Zoo Berlin

Eller Zoologischer Garten Berlin som altså er det fulle namnet. Her var me fredag nøyaktig for tre (!) veker sidan. I dag var eg nokre timar på  jobb og elles har det vore husarbeid og beina på bordet. Jepp, det er fredag og helg. Men det var jo Zoo Berlin eg eigentleg skulle snakke om. Eg veit ikkje alltid heilt kva eg skal tenkje om dyr som ikkje lever fritt, men dyreparken i Berlin er mellom anna kjent for arbeidet med å bevare utryddingstrua dyrearta. I løpet av dei timane me var der, såg det verkeleg ut som om dyra hadde (og har) det bra. Noko av det fyrste me møtte på, var nokre herlege geiter; ser du dei små som ligg på fjellknausen?! Store elefantar og elegante sjiraffar såg me også.


Akkurat då me gjekk forbi gorillaene, fekk dei mat og dei var litt vittige der dei sat, nesten menneskelege. Flamingoane lyste opp med den rosaaktige fargen, og inne i eit av husa såg me fleire aper der nokre leika og andre åt mat (og ja, dei kunne gå ut om dei ville). Er usikker på kva dyr ein ser på biletet i midten av desse rett over, men søte var dei i alle fall. Beltedyret gjekk rundt i ring i full fart og hadde det altfor travelt til å stå stille ;) Ein av utgangane såg slik ut, rett og slett vakker.


Me hadde kartet over parken i handa, prøvde å orientere oss og plukke ut dei dyra me ønskja mest å sjå – dyreparken i Berlin er på heile 35 dekar (350 mål)! Men før me gav oss for dagen, fekk me sett sebraer, emu, eit flodsvin som slappa av i skugga, og det same gjorde kenguruane. Og pingvinane og selane var ute på vift for å få noko mat. Me var også innom Aquarium Berlin, men eg tenkte å dele nokre av dei bileta seinare. No er det fredagskveld og me har ingen store planar.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jeg har også et litt ambivalent forhold til dyreparker. Som du sier, så virker det unaturlig at dyr skal sperres inne. Samtidig gjør en del dyreparker en viktig jobb med tanke på å bevare utrydningstruede arter og mange av dyrene lever i flotte innhegninger også. Vi var i Berlin Zoo for en del år siden og det var stort sett en fin opplevelse, mener jeg å huske ^^ Akvariumet var også bra!

Silje sa...

Du skriv akkurat det eg tenkjer på :P Men ja, eg opplevde det som at dyra har det bra, og det er i alle fall eit greitt teikn :) Me synest også at akvariet var flott, og det var ein bra dag (som då slutta med konsert i filharmonien)!

Legg igjen ein fin tanke