16. jul. 2017

Full jobbveke og ei helg på hytta

No i helga var me ein tur oppe på hytta, og det gjorde godt etter ei veke med mykje jobbing. Eg må få seie at dagane og veka berre har foke av garde, og plutseleg er me halvvegs i juli. Allereie. Puh, kjenner at denne sommaren kjem til å vere over fortare enn svint, og det utan at det er noko særskilt sol og sommartemperatur ute. Men så lenge det er kjekt på jobb og eg får tid til å lese, gå nokre turar og drikke kaffi skal eg vere nøgd ;)  Som vanleg har eg litt å dele på tampen av veka:

✦ gå ein tur (om enn i ulendt terreng) ikkje så langt unna hytta
✦ eit lite esel som elskar å få klem
✦ hente ein favorittkjole på posten
✦ ei helg oppe på hytta med bøker, quiz og fine folk
✦ hekle vidare dei sekskanta lappade
✦ at det var ein som sa "god morgon" til meg på veg til jobb, ein super start på dagen
✦ ha, ha, eg kjenner meg igjen i denne Harry Potter-greia her
✦ lese ut den underfundige og fine boka Den lille kjærligheten
✦ sjå nye filmar, den eine betre enn den andre
✦ høge fjell og blikkstille vatn
✦ kult å sjå ei blokkleilegheit bli forvandla til noko heilt eige
✦ kanin og ekorn oppe ved Ullandhaugtårnet
✦ vise fra dei to små Krtek-figurane me fann i Praha (Den lille muldvarpen på norsk)
✦ spele UNO om kvelden oppe på hytta
✦ setje av tid til å lese og drikke ein kopp eller to med kaffi, litt kvar dag

Legg igjen ein fin tanke