8. jul. 2017

Aquarium Berlin

Same dagen som me var i dyreparken, stakk me også innom akvariet i Berlin. Me kjøpte ein kombibillett, noko som vil seie at du i løpet av den dagen kan vere både i dyreparken og ein tur på akvariet med ein og same billett. Manetane såg nesten magiske ut i det knallblå lyset, og dei tropiske fiskane viste fram sine knallsterke fargar. Sjøhesten helste såvidt på oss, og mannen min "tok ein prat" med ein av dei større fiskane ;) Skjelpadder og reptil finst også i akvariet, til og med ein kameleon fekk me auge på. Alt i alt ein veldig bra dag som me avslutta i filharmonien :)

Legg igjen ein fin tanke