20. jul. 2017

Bokryggpoesi 📚



Lenge har eg gått rundt med tanken om å lage det ein kallar bokryggpoesi. Om ein lurer på kva det er, så er bokryggpoesi det å finne bøker med titlar som ein tenkjer kan passe saman som eit lite dikt. Denne månadens tema i skaparutfordringa Monthly Makers har vore "noko du ikkje har prøvd før". Og vel, poesi er ikkje noko eg har for vane å skrive ned eller lage, så eg fann ut at no var det på tide. Når ein jobbar på eit bibliotek, har ein jo nok av bøker å velje mellom. Men eg ville at det skulle vere meir utfordrande enn å berre plukke bøker og setje dei saman utan å ha noko forhold til dei utvalde bøkene. Difor bestemte eg at minst halvparten av bøkene som eg ville bruke skulle vere bøker eg tidlegare har lese. Til saman blei det ni små bokryggdikt, og sidan det også er ganske sjeldan at eg lager video, sette eg saman alle bileta til ein liten videosnutt med bokryggpoesi. Songen er henta frå Purple Music Planet og heiter "Shadowlands". Med andre ord: dette er mitt bidrag i Monthly Makers denne månaden, og det blir spennande å sjå kva andre har komme på :)

10 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Borgmästaren sa...

Så skickligt du satt ihop bokryggarna! Fint med musiken till. Bra jobbat!!

Silje sa...

Veldig kjekt å høyre, tusen takk! :)

Karin Brismo sa...

Det bor en diktare i dig, Silje! Jättefint gjort och en strålande idé!

Silje sa...

Tusen takk, veldig koseleg sagt :)

aliciasivert sa...

Nej så fint, och i sanning poetiskt! Blir någonting lösryckt och väldigt vackert med just slumpmässigheten i blackout poems och bokryggspoesi - när det träffar rätt tycker jag det blir bättre än det fritt skrivna! Så bra skapat, Silje!

Silje sa...

Finaste Alicia! Tusen takk for nok ein superflott kommentar, blir like glad kva gong :D Du får så bra fram akkurat det eg sjølv sit igjen med etter å ha laga desse bokryggdikta ^^

lopplisa sa...

Det här skulle jag kunna se på en skärm i t ex ett väntrum eller varför inte i skyltfönstret till ett bibliotek efter stängningsdags!! Ja, helst förstås med musiken till!! Himla fint!!

Silje sa...

Må jo vere perfekt inne på eit bibliotek :D Tusen takk for ein finfin kommentar!

Julia Glasberg sa...

Så häftig ide! Hade aldrig hört om bokryggspoesi tidigare, så fyndigt!

Silje sa...

Tusen takk, Julia! Alt med bøker er noko som står mitt hjarte nært :)

Legg igjen ein fin tanke