10. jul. 2017

Tjensvollturen

Sjølv om det ikkje var strålande sol eller sommartemperatur på laurdag, fann me ut at me ville gå ein litt lengre tur, for no hadde me tid. Skyene var mørke og lyse om kvarandre, men me slapp unna regnet. Me valde oss ut ein av dei femtito kvardagsturane som ligg ute på kommunen si nettside, og denne gongen blei det Tjensvollturen. Det som er så gøy med desse turane er at dei tar oss med til kjente område, men på nye stiar, frå hus tett i tett til jernaldergarden med sauer som eter gras og folk som balanserer på steingard. Mykje grønt ute no, akkurat slik det skal vere om sommaren. Fargerike revebjeller, ein fin sitjeplass og ein smal, smal sti. Ein akkurat passe laurdagstur.

Legg igjen ein fin tanke